Vådlandsknuten (28.01.2019)


Startsted Madland (280moh)
Sluttsted Madland (280moh)
Turtype Fottur
Kart
Bestigninger Vådlandsknuten (811moh) 28.01.2019

Ikkje brøyta veg opp frå Madland, men kunne kjøre 2-300 m forbi siste garden. Tenkte å gå på truger, men dei hadde eg visst gløymt å ta med. Rekna med det var for lite snø til å gå på ski så dei hadde eg heller ikkje med, men det var skispor inn til hytta i austenden av Indra Fisketjørna. Det gjekk greit å gå over isen dertil, men tungt å gå opp derfrå i djupe fenner som austavinden hadde lagt frå seg. Det blei hardere vindpakka snø høgare oppe.
Ny vardebok på Vådlandsknuten 30. desember, og fleire hadde skrevet seg inn på nyåret. Gjekk over Langavatn og Vådlandsvatnet etterpå for å måle isen.

Avblåst for snø på Indra Fisketjørna.
Avblåst for snø på Indra Fisketjørna.
På Vådlandsknuten.
På Vådlandsknuten.
Nordover mot Bynuten i bakgrunnen.
Nordover mot Bynuten i bakgrunnen.
Nordaust.
Nordaust.
Mot indre Gjesdal.
Mot indre Gjesdal.
Mot Vinjakula.
Mot Vinjakula.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.