Kjørte opp til parkeringsplassen ovanfor Holta. Ingen bompenger, men ei grind så måtte lukkas nede ved Holta. God, men bratt grusveg opp til bommen. Sykla snaut 3 km på god grusveg inn til Lauvåsvatnet. Herfrå fulgte eg merka sti opp til Lauvåsen som er Strand's mest prominente, men dog ikkje høgaste topp. Kjenner eg PB-ere rett verte dette ein meir populær topp nå som den inngår i ei ny liste over topp primærfaktor i kommuner. Dette er og ein flott utsiktstopp over store deler av Ryfylke.
Frå Lauvåsen gjekk eg ned den bratte austsida over Klauvåsen og nordover ned mot Stølstjørna. Her kom eg inn på ein sti som eg fulgte austover til forbi sørenden av Tjelmavatnet. Så opp sørfrå til Almåsen. Gjekk ned den bratte vestsida og kom inn på ein sti langs nord- og vestsida av Tjelmavatnet der eg tok av stien for å gå over Skorpeheia. På nordsida av Leitevatnet kom eg inn på ein sti som eg fulgte eit stykke før eg gjekk oppover til Lauvåsvatnet og grusvegen som eg sykla tilbake til parkeringsplassen. Dagen etter blei det tur til Flykrasj i Holtaheia.
Kommentarer