Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Buldring på Høvringen

Dato:
22.10.2017
Turtype:
Buldring
Turlengde:
2:00t
Kart    

Buldring og bloggtreff på Harbak

Dato:
02.09.2017
Turtype:
Buldring

Buldre- og familietur til Harbak. Svigers var taua med som barnevakt, men Kona var uansett ikkje i form, så det vart solobuldring på familiefaren. Eg prøvde 10000000 gongar på Høygaffel (7b+) og kom meg 5cm lenger sidan sist. Ellers klarte eg nesten ingen ting. Familien kosa seg max i fineværet, og såg både sau, hest, geit og lama. Av andre ting kan nevnast at eg tok med guten i meisa på klatrefelt-safari. Veldig mykje flott stein utpå her, perfekt til kileklatring og andre bratte aktivitetar. Ellers traff eg også den middels berømte ex-klatrebloggaren Kjetil Grimseth for ei lita buldreøkt. Bloggen hans var sterkt medverkande til at eg byrja alpinklatring sjølv. Saman prøvde vi i dag på buldreprosjekt som ingen av oss fekk til. Det skapte vel kanskje eit fellesskap. Det vart tatt >>>

Buldring i Haushellaren

Dato:
09.07.2017
Turtype:
Buldring

Ein hemmelig stad i bymarka

Dato:
06.06.2017
Turtype:
Buldring

Det er framleis ukjente klatredestinasjonar i bymarka. Jungeltelegrafen er innfløkt - berre etter fleire års lytting kan ein kome steget vidare Frå dei etablerte førarane, via obskure nettførarar, til tåkelagte google-maps-bilete Nye bulder på god stein i bakgården til landets tredje største by Berre besøkt av - uteliggerar (alle steinar av ein viss størrelse i bymarka har nokon budd under) - skogsmaur, enorme mengder, det osar maursyre frå pad'en - 90talsklatrerar som sandbagga enkeltmoves-ruter i bymarka tilbake i hine hårde men som ellers oppdaga huler som no frekventerast av svært mykje større storleikar i Flatanger og stod ned snørenner som tilogmed i Romsdalen vert rekna som anstendige det var over 20 grader myggen beit godt myr over alt tett fureskog steinen var gøymt bak kratt >>>

Kart    

Harbaktur med kid'n

Dato:
06.05.2017
Turtype:
Buldring

Kona stakk til San Fransisco på konferanse. Eskil sa at vi kunne jo ikkje berre sitte heime og sjå på kvarandre heller, så med det fine været leigde vi oss rorbu på Harbak frå fredag til søndag. Her skulle sporty Pappa avslappa som han er ta med kid'n på tur til Fosens buldre-og-kystparadis. Eskil vart pakka i bilen i sovande tilstand fredag kveld, og det var grei skuring til Harbak. Dagen etter var det diverre skodde og duskregn over heile linja, med ein kald og sur vind. Etter ein god del utforsking av innsida av rorbua, ein tur på butikken, etc etc. så tok vi oss ein tur på buldrefeltet. I hellaren skulle det i det minste vere tørt. Litt surt her også, diverre. Men det er jo verdens største leikekasse av inntørka saudeskit, så det vart tatt godt opp. Etter litt mat sovna sonen, >>>

Kart    

Buldring på Trolla - med ettertanke

Dato:
30.04.2017
Turtype:
Buldring

Det vårast, og eg har ikkje buldra særlig ute på fleire år. Sjølv om det er lettvint så kan man ikkje basere seg på å tafse plastikk heile tida heller. Ut må man for å bli sterk på stein. I Trondheims umiddelige nærleik er det ikkje flust med buldring. Trolla er eit lite unntak, men det beste med Trolla-buldringa er at den er lett tilgjengelig, for å seie det slik. Likevel, prosjektet er kanskje det finaste bulderet i området, nemlig Overtråkksbulderet (7B). Det høyrest kanskje avskrekkande ut, og eg har difor ikkje planar om å toppe ut så lenge eg driv og rotar rundt i skogen aleine. Man kan jo nemlig ramle av ting, og er ein aleine og utan skikkelig sikring så kan det jo bli trasig. Ja, nettopp. Slike tankar gjekk gjennom hovudet mitt i dag. Rett før eg sette meg i bilen >>>

Haustferie i Font

Dato:
08.10.2016
Turtype:
Buldring

Årets haustferie gikk til det kanskje mest kjente buldrefeltet i verda, Fontainebleau (eller Font på folkemunne). Dette er mitt fjerde besøk til denne skogen sør for Paris som pregast av nydelige sandsteinar, gåselever og raudvin. Sidan sist har det skjedd ei drastisk befolkningsauke i vennegjengen, og vi var tre småbarnsfamiliar som trakk sørover: Anne, erlando (Erlend Hassel) med Ane, Solveig, AndreasNordstrand (Andreas Nordstrand) med Jens og Ragna, samt meg, Ms_Holm (Mari Holm) og Eskil. Det flotte med Font er jo at det passar for ALLE alderar. Buldring i Noreg er stort sett bedrive av menn i 20-åra som vil gå harde ting. I Font er det ein folkesport, og ein finn alt frå veldig fine bulder for nybyrjerar til nokon av verdens hardaste problem. I tillegg ligg mange av områda på flat sand, så det er rimelig trygt for småfolk og ferdast. Solveig og Andreas hadde >>>

Kart    

Buldring og flåttbonanza på Flø

Dato:
01.08.2016
Turtype:
Buldring
Kart    

Buldring på Flø

Dato:
30.07.2016
Turtype:
Buldring
Kart    

Ilsvika Buldrefelt

Dato:
07.07.2016
Turtype:
Buldring
Turlengde:
2:00t
Kart