Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (6)
- Ekspedisjon (2)
- Fisketur (1)
- Annen vintertur (1)
- Fottur (211)
-
Kjøretur (4)
- Biltur (4)
-
Klatring (162)
- Alpin klatring (27)
- Buldring (24)
- Isklatring (43)
- Miksklatring (7)
- Sportsklatring (8)
-
Skitur (71)
- Fjellskitur (19)
- Langrennstur (2)
- Randonnée/Telemark (37)
- Sykkeltur (1)
"Peakbookvenner"

Favoritturer
Favorittopper
Fountainflø
- Dato:
- 09.05.2022
- Turtype:
- Buldring
Tur til Flø med Eskil for å teste buldreforma i det fine vårværet. Begge fekk karra seg opp nokon fine ruter. Vi fann også ein fin stein nede ved sjøen der vi laga nokon nye ruter som passar både for unge og vaksne nybyrjarar. Avslutta med softis.
Ticks Helgegøy (6B), Mørkredd (6A+), Fountainflø (6A), Åpenbaring (6C+, øvde også litt på denne dagen før).
Harbakhelg
- Dato:
- 09.08.2020
- Turtype:
- Buldring
Etter all springinga rundt i myr og lyng er det på tide å bli litt sterk igjen. Eg har eit litt ambivalent forhold til buldring: på den eine sida tar det så innmari mykje tid og innsats å bli bedre, og difor mister eg litt piffen av og til. På den andre sida er det den absolutt enklaste klatreforma å drive med, og når ein ikkje har allverdens tid så er det gull! Og når ein då er i form er det jo driiitgøy.
Og så har ein jo faktisk noko av verdens beste (ja faktisk) buldring på Fosen også då.
Denne helga opna det seg ein todager, og eg tok med teltet til Harbak laurdag. Det vart støting på Scum of the Slum (7A+) i hula sidan det regna, og eg sleit meg ganske godt ut. Det var nære, men eg kom som vanlig ikkje heilt i mål. Det er hardt på Harbak - alltid hardt. Deretter tok >>>
Snillfjordtirsdag
- Dato:
- 30.10.2018
- Turtype:
- Buldring
Avspaseringstur for litt multisport i Snillfjord. Mojoen var minimal. Det var nysnø i fjellet, sur vind over vatnet - og man må vel berre innrømme at dei to småttisane i heimen har tappa energilagera bittebittelitt.
Først tok eg ein liten rekognoseringstur under nordveggen på Glashylla. Eg har lenge lurt på om denne kunne egne seg til klatring - den har ein fin granitt-aktig struktur og er kanskje opp mot 200 meter høg. Venstredelen såg ikkje verst ut, men det treng nok litt pussing. Den brattare høgredelen såg meir laus og våt ut.
Deretter gikk eg til buldrefeltet for litt støting. Det var rimelig kaldt, så det tok litt tid å kome i sving. Men eg fekk gått ein 6a og ein 6b og nokre fine småting. Ellers prøvde eg på ein fin 7a som eg ikkje vart klok på. Litt bedre temperaturar >>>