Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Kongsvollfossen

Dato:
03.01.2014
Turtype:
Isklatring
Turlengde:
9:30t

Isklatretur til den største klassikaren i Drivdalen. Alpin start frå Trondheim kl 5 saman med erlando (Erlend Hassel) og AndreasNordstrand (Andreas Nordstrand) . Ankomst Kongsvoll litt over kl. 7. Frokost #2, på med rack, også byrje å traske opp langs fossen. Enkelt å finne då bekkefaret frå fossen går under ei lita trebru på oppsida av E6. Vi traska oss opp til bollen der fossen bratna til (ca 1 time). Det gikk fint an å isklatre også før, og dette har vore beskrive som morsom isbuldring av andre. Men sidan vi var så pass lite erfarne ville vi brukt for lang tid om vi skulle gått heile fossen omtrent frå E6'en (noko som nesten hadde gått i dag). Vi måtte då ha sikra oss betydelig fleire taulengder. Men dei tre tradisjonelle lengdene beskrivast å byrje der det brattar til, og der byrja også vi. 1. taulengde: Leda av Andreas, WI3. Vart >>>

Istrening i skiferbrotet

Dato:
21.12.2013
Turtype:
Isklatring
Kart    

Bratten i Gjølet: Isklatring i skiferbruddet Engan

Dato:
01.12.2013
Turtype:
Isklatring

Trønderalpinizm 4 real! Førstereisgut i isklatringa si verd. Stygge meldingar hindra ikkje aspirerande alpinistar kobbenes (Kristian Starheim) og AndreasNordstrand (Andreas Nordstrand) å hoppe i bilen i retning oppdal! Skiferbrotet såg ut som ein tolelig plass for passelig vanskeligheitsgrad, men så var det denne stormen då. Frå skiferbrotet gikk det derimot eit trangt jøl opp mot ei gryte, beskytta mot vinden, der isen lokka svikefullt! Dette skulle gå greit, opp med seg. Men det var jo både bratt og dårlig is. Nordstrand leda stødig oppover vertikalane over meg medan isen deisa i hjelmen. Så var det meg. Bratt, sjø. "Det er ikkje eit alternativ å freake ut no" høyrde eg meg sjølv seie før eg klara å drage meg gjennom kruxet. Men så artig, då! Opp kom ein, og god stemning! På rapellen ned leita eg etter den enkle vegen der vi >>>

Kart