Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Blåtinden og Haddalhornet

Dato:
28.12.2016
Turtype:
Løpetur
Turlengde:
1:36t
Distanse:
8,0km

På den første dagen i jula som hadde nokolunde anstendig vær tok eg beina fatt mot nok ein listetopp på Hareid/Ulstein-lista, nemlig Haddalhornet. Sidan det hadde vorte litt lite aktivitet dei siste dagane kunne eg like godt ta turen oppom Blåtind også. Eg parkerte ved "Reveskuret", og gjekk for direkteversjonen rett opp raset. Første gong eg gjekk opp her hadde eg ikkje fylt 5 år enda. Bratt nok, syntest min juleribbemarinerte kropp i dag. Mot toppen tiltok vinden, og ved varden var det riktig så stivt. To kjæringar dukka brått opp frå bak varden medan eg skreiv meg inn i boka. Dei hadde nok med å fote seg. Frå Blåtinden sprang eg mot skaret mot Haddalhornet. Nedover her var det riktig så fint terreng og flott usikt. Ein står midt mellom Vartdalsfjorden, Ørstafjorden, >>>

Kart    

Walkabout i Trøndsemite

Dato:
27.11.2016
Turtype:
Løpetur
Turlengde:
3:49t
Distanse:
20,2km

Nei, det er ikkje Tikneppen det er snakk om. Heller ikkje Størenhammaren. Og nei - Lyneggen er ikkje Trøndelag's The Nose. Vi snakkar om Snillfjord, nærare bestemt dalen kring Slørdalsvatnet (det blir vel Slørdalen det då?). Kvifor denne frekke påstanden at dette er Trøndelags Yosemite? Vel, her som hjå si amerikanske storesøster stuper fagre og bratte granittveggar ned mot barskogen i botnen, medan dramatiske fossefall hiv seg over kantane med dødsforakt - ein dødsforakt som speilast i isklatrarane som bestig dei same fossane i frosen tilstand vinterstid. Men her stoppar plutselig likskapen brått med det same, liksom uventa. For der Yosemite er overstrødd med klatreruter i verdsklasse, avgrensar klippeklatringa i Snillfjord seg til ei handfull ruter under eit overheng på Suluberga. >>>

Kart    

Ila-Gtfjlt-Stdsh-Grkln-Lrkndl

Dato:
02.11.2016
Turtype:
Løpetur
Turlengde:
3:43t
Distanse:
21,8km

Treningstur i Bymarka. Myrene var NESTEN frosne. Steinane, derimot, var glatte. Koselig likevel. Kreativ linjeføring i mørket. Litt kveldslys frå Geitfjellet

Treningsrunde i Bymarka

Dato:
30.10.2016
Turtype:
Løpetur
Turlengde:
2:38t
Distanse:
17,8km
Kart    

Gulsiberget

Dato:
19.10.2016
Turtype:
Løpetur
Distanse:
12,3km

Skulle på joggetur til Vassfjellet men tok feil buss. Det går visst fleire vegar til Klæbu - kven skulle trudd? Men i staden for å springe langs vegen til Vassfjellet kunne eg jo sjå kva som fanst langs busstraseen. Sjå her ja: Gulsiberget! Hoppa av ved Solem og fulgte skogsvegane oppover mot Syrsjøen. Pussig navn. Stilt i haustskogen på ettermiddagen. Tok til høgre mot Syrsjøen, men skulle fortsatt rett fram. herifrå vart det litt bukkemark opp på høgda der eg vassa i nesten frosne myrer til toppen av Gulsiberget. Fin utsikt mot vest herifrå, og solnedgang over trollheimen. Spor av sti her og der på toppen, men ikkje rare greiene. Eg mistenker at trønderen sitt manglande toppinstinkt har slått til igjen - siste person som var på toppen var vel den som satte opp skiltet merka >>>

Kart    

Isane Grand Prix: Dombesteinseggene, Kvasshornet og Kårnyken

Dato:
25.09.2016
Turtype:
Løpetur
Turlengde:
3:57t
Distanse:
17,0km

Kvasshornet og Kårnyken er fjell eg har sett på sidan eg var liten. Kanskje rart at eg ikkje har kome meg på dei før, men det har altså ikkje vore så vanlig i vår familie å gå på fjell både her og der. Noko eg forsøker å rette litt opp i no om dagen då altså. Sidan vi residerer på Stårheim no i desse fine haustvekene møtte eg berre opp på ferga med joggesko og lett sekk. Ein del vind i dag, og mild austavind gjorde at ferga måtte ta rennfart for å legge til. Eg gjekk deretter rett opp vegane på Isane og fulgte stien som er merka på kartet opp mot Langemyra og Steinkassen. Denne stien er nok ikkje brukt lenger ettersom det er bygd skogsveg opp her. Likevel OK å gå, med fin skog, hjortegroper og utsikt. Etter eg passerte sætra vart stien tydeligare opp forbi Steinkassen. >>>

Skistua-Rønningen

Dato:
23.08.2016
Turtype:
Løpetur
Kart    

Gråkallen rundt

Dato:
18.08.2016
Turtype:
Løpetur
Turlengde:
0:58t
Distanse:
7,8km

Treningstur i bymarka. Nydelig vær og nydelige stiar. Avslutta med lysshow i skodda på Gråkallen.

Kart    

Treningsrunde i Bymarka

Dato:
13.08.2016
Turtype:
Løpetur
Turlengde:
2:11t
Distanse:
15,9km

Tilbake i Bartebteyen etter sommarferien, og treningstur i Bymarka. Trudde all fjelltraskinga i ferien hadde gitt stål i beina, men i dag gikk det litt tungt. Vel, fint vær men myrene var våte som pesten.

Kart    

Hjelmelandsvarden

Dato:
22.07.2016
Turtype:
Løpetur
Distanse:
5,7km

Kart