Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Vestkapp

Dato:
06.06.2021
Turtype:
Biltur

Planen var dagstur til Stad - der hadde ingen av oss vore før, og det skal vere så fint. Vi skulle tilogmed plukke med oss ein topp om det var stemning for det. Været var skya på morgonen, så fint som berre det. På veg opp til Vestkapp var det berre såvidt vi såg vegen. Cafeen hadde god mat og redda dagen. Vi våga ikkje nokon fottur - hadde ungane sprunge avgårde i denne skodda hadde vi aldri funne dei igjen. Men vi gikk ein runde rundt cafeen, og her fann vi ein varde som eg tenkte måtte vere kjerringa. Det viste seg å vere feil. Deretter ein tur til Erviksanden for å sjå på surferane, før vi køyre heim.

Kart    

Jobb-busstur på Etnas flanker

Dato:
17.10.2017
Turtype:
Biltur

Jobbtur til Sicilia, og då må ein sjølvsagt oppom Etna ein tur. Det vart diverre ikkje tur på toppen, men likevel facinerande og fin tur kring i vulkanlandskapet på dette virkelig flotte fjellet!

Kart    

Mount Evans med bil

Dato:
17.07.2014
Turtype:
Biltur

Toppsamlarnerden møter somme gonger på harde dilemma. Eg gjekk meg på eit slikt i dag: eg besteig mitt til no høgste fjell, Mt. Evans. Problemet er at USA sin høgste bilveg går opp til toppen av dette fjellet. Eller nærare bestemt ca 40 m under sjølve toppunktet. Det vert difor ei særs lite ærerik bestigning. Likevel skal jo enklaste veg opp gjelde fullt ut som bestigning. Dei fleste toppar har ei eller anna form for formildande omstendigheit, og det vert raskt komplisert om ein skal byrje å sette grenser. Så Mt. Evans vert registrert (dessutan hjalp det at tre andre på Peakbook-brukarar har registrert bestigning av denne toppen frå før). Eg får vege opp med å gå meir kompliserte ruter av andre toppar. For dei som er interessert i slikt så har Mt. Evans noko så sjeldan som >>>

Kart    

Dalsnibba

Dato:
ukjent
Turtype:
Biltur
Kart