Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (6)
- Ekspedisjon (2)
- Fisketur (1)
- Annen vintertur (1)
- Fottur (211)
-
Kjøretur (4)
- Biltur (4)
-
Klatring (168)
- Alpin klatring (27)
- Buldring (25)
- Isklatring (45)
- Miksklatring (7)
- Sportsklatring (8)
-
Skitur (71)
- Fjellskitur (19)
- Langrennstur (2)
- Randonnée/Telemark (37)
- Sykkeltur (1)
"Peakbookvenner"
Favoritturer
Favorittopper
St. Olavsspranget klatrefelt
- Dato:
- 28.09.2017
- Turtype:
- Klatring
- Turlengde:
- 2:00t
- Distanse:
- 2,0km
Så då er katten ute av påsen: eg og Andreas har pussa fram eit fint nytt kileklatrefelt med flotte riss rett utanfor Trondheim. Etter å ha førstebestige mine to linjer med hovudlykt denne kvelden går vi, etter litt hemmeligheitskremming, ut med førar for St. Olavspranget klatrefelt.
Meget fine ruter som følger sammenhengande riss gjennom heile linja, 20-25 meter. Fast og fint fjell, og flott utsikt over Trondheimsfjorden. Byens beste trad-crag, for å vere heilt ærlig!
Sjekk ut 27Crags for meir info!
Gått denne kvelden:
- In utero (5+): flott fingerriss med delikate moves.
- Trøndsemithe (6): vedvarande bratt, men alltid så gode tak at det ikkje blir hardt. Og supre sikringsplasseringar akkurat når ein treng dei.
Takk til Erlend B. for at du var villig til å bli med i stupmørket og stå og >>>
Førstebestigning av Ragna Route (6-R) på hemmelig crag
- Dato:
- 17.09.2017
- Turtype:
- Klatring
På ein hemmelig stad i Bymarka ligg den finaste tradlinja i heile Trondheim Kommune. Ikkje så hemmelig heller, eigentlig. Den er midt i glaninga for alle som følger med. Men det er det få som gjer. Inntill Andreas hadde auga med seg.
"Eg har spotta ei stolt linje, eit riss, i bymarka. Kanskje 15m høgt. Kanskje offwith. Veit ikkje om det er søppel, men vi kan jo sjekke".
Som regel betyr dette at det er søppel. Men det er kjekt med ein tur ut uansett. Eg lasta sekken full av store og ubrukte sikringsmidler.
Linja var synleg høgt over vegen. Milde måne, det såg faktisk heilt rått ut! Vi gikk opp og rappellerte ned. Det såg enda råare ut! God steinkvalitet og ein moderat offwith. Vi pussa risset så godt vi kunne (børster ikkje medbragt). Byrjinga var meir begrodd, så der >>>
Buldring og bloggtreff på Harbak
- Dato:
- 02.09.2017
- Turtype:
- Buldring
Buldre- og familietur til Harbak. Svigers var taua med som barnevakt, men Kona var uansett ikkje i form, så det vart solobuldring på familiefaren. Eg prøvde 10000000 gongar på Høygaffel (7b+) og kom meg 5cm lenger sidan sist. Ellers klarte eg nesten ingen ting. Familien kosa seg max i fineværet, og såg både sau, hest, geit og lama. Av andre ting kan nevnast at eg tok med guten i meisa på klatrefelt-safari. Veldig mykje flott stein utpå her, perfekt til kileklatring og andre bratte aktivitetar. Ellers traff eg også den middels berømte ex-klatrebloggaren Kjetil Grimseth for ei lita buldreøkt. Bloggen hans var sterkt medverkande til at eg byrja alpinklatring sjølv. Saman prøvde vi i dag på buldreprosjekt som ingen av oss fekk til. Det skapte vel kanskje eit fellesskap. Det vart tatt >>>
Snillfjord-søndag: Aida (7)
- Dato:
- 27.08.2017
- Turtype:
- Klatring
Denne nydelige haust-søndagen sneik eg meg med Skarpklatrarane på tur til Snillfjord igjen. Skarpklatrarane er berre kjent frå den interne klatrepressa. Alle veit kven dei er, men ingen veit kvar dei er. Før det brått er dobbeltsider i den årlige kaffibordblekka til Kluben. Uvant i denne SoMe-tidsalderen.
Sjølv satsar eg heller på mange men lavthengande publikasjonar.
Dei skulle støte på dei harde prosjekta sine. Eg skulle prøve og gå Aida, 7'aren eg psyka ut på sist eg var der. Sidan det har den berre fortsatt og psyke meg ut.
Eg fekk hengt opp topptau på prosjektet mitt, og forsøkte ei runde. Det gjekk veldig fint. Det er ikkje så pumpande - eit buldreproblem på toppen av 25 meter med meir moderat klatring. Dette skulle gå.
Imens eg tenkte på dette topptaua Skarpisane og prata >>>
Date climb på Lyneggen
- Dato:
- 23.08.2017
- Turtype:
- Klatring
Endelig ville Kona vere med på Størehammaren! Ikkje berre det, ho ville også lede! Vi omplasserte junior til bestisane og hoppa i bilen etter jobb. Tind, nut, nos - eller i alle fall Lyneggen - her kjem vi!
Nedanfor Størenhammaren stod ikkje mindre enn 4 bilar denne onsdags ettermiddagen. Hell i uhell, for eg hadde berre tatt med ein taubrems. Ein svenske lånte oss ein til.
Eg leda opp første taulengda, Motorveien (5), som vanlig den hardaste og finaste lengda på Lyneggen, og kom til ei hylle full av folk. Det vart heligvis faktisk ikkje så ille med venting allikavel.
Kona tok neste lengde (4-), bratt opp eit dieder på gode tak. Ettersom det er ei stund sidan sist ho leda på kilar, vart det litt leiting i selen etter korrekte storleikar, men resultatet vart meget pent satte sikringar. >>>
Joikastemning på Snøhetta-traversen
- Dato:
- 29.07.2017
- Turtype:
- Alpin klatring
- Turlengde:
- 7:00t
- Distanse:
- 16,0km
Først ei lita omgrepsavklaring: Joika er eit uttrykk som i klatrekrinsar blir brukt for koseklatring. Ein kan vere joika - ein person som vil kose seg på klatring. Og ein kan ha joikastemning - enkel klatring som berre gir god stemning. Dette er i utgangspunktet positivt, men det kan ha ein nedsetjande undertone om klatrarar som berre vil ha kos og aldri utfordring. Som når kaffipausa og kassegitaren går på bekostning av prestasjonane i veggen. Vel vel, i denne samanhengen er joikaomgrepet berre positivt: dette var ein veldig koselig tur!
Denne helga hadde plutselig både eg, erlando (Erlend Hassel) og AndreasNordstrand (Andreas Nordstrand) halvannan dag ledig. Det er tida ein treng for å kome seg rundt Snøhettatraversen og framleis ha litt marginar.
Vi køyrde til Hjerkinn fredag kveld, og etter ein tur på Viewpoint Snøhetta sette vi opp lavvoen >>>
Sist men ikkje minst (300m 5), Kårnyken sørveggen
- Dato:
- 13.07.2017
- Turtype:
- Alpin klatring
Eg har lenge tenkt på om sørveggen på Kårnyken kunne vere klatrebar. Den er veldig flott, men steinkvalitet og sikringsmoglegheiter er alltid eit spørsmål.
Denne sommaren hadde eg avtalt med Arve Stavø at vi skulle sjekke ut veggen. Tid og vær gjorde at vi stod i Ålfoten 10:30 i dag, med skiftande vær og regn i lufta. Dottera til Arve, Tuva (17), var også med og var gira på å teste alpinklatreskillza.
Vi hadde uansett ikkje ambisjonar om dei tøffaste linjene i dag, og tenkte at vi heller fekk rekognosere litt. For å ha ein sjangs om å nå toppen valde vi formasjonen lengst til venstre i veggen. Den var kortare enn resten av veggen (men desto lenger anmarsj), og såg ut til å ha like artig klatring.
Heldigvis var skogsvegen god å køyre langt opp, så vi sparte ein god del anmarsj. >>>
Ein midtsommardraum på Sørøst-hjørnet
- Dato:
- 24.06.2017
- Turtype:
- Alpin klatring
- Turlengde:
- 14:00t
Etter ein travel vår med mykje jobb for heile familien vart det denne helga brøyta plass til klatrehelg! Etter litt om og men og sondering av omgangskrinsen av opptekne småbarnsfedre slo Pål Christian til på ein tur til Innerdalen. Etter særs ustadige værmeldingar landa vi på laurdagstur på ultraklassikaren Sørøst-Hjørnet på Skarfjell.
Vi ankom Dalen parkering fredag kveld klokka 22, fylte sekkane med det aller mest nødvendige + litt til (for eksempel to tubar tannkrem!), og la i veg mot Giklingedalshytta. Skodda hang tungt over Innerdalen, og luftfuktigheta var særs høg, for å seie det slik. Men meldingane for morgondagen var supre, så humøret var godt.
Då vi kom opp mot Giklingedalen klarna det opp, og morgendagens turmål stod svært klart for oss! Som nyslått Klub-medlem >>>