Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Harbakhelg

Dato:
09.08.2020
Turtype:
Buldring

Etter all springinga rundt i myr og lyng er det på tide å bli litt sterk igjen. Eg har eit litt ambivalent forhold til buldring: på den eine sida tar det så innmari mykje tid og innsats å bli bedre, og difor mister eg litt piffen av og til. På den andre sida er det den absolutt enklaste klatreforma å drive med, og når ein ikkje har allverdens tid så er det gull! Og når ein då er i form er det jo driiitgøy. Og så har ein jo faktisk noko av verdens beste (ja faktisk) buldring på Fosen også då. Denne helga opna det seg ein todager, og eg tok med teltet til Harbak laurdag. Det vart støting på Scum of the Slum (7A+) i hula sidan det regna, og eg sleit meg ganske godt ut. Det var nære, men eg kom som vanlig ikkje heilt i mål. Det er hardt på Harbak - alltid hardt. Deretter tok >>>

Kart    

Endelig Store Brekketind!

Dato:
24.07.2020
Turtype:
Alpin klatring
Turlengde:
10:00t
Distanse:
19,4km

Eg og Kroksleiven har som mål å få til ein fellestur kvar sommar når eg er på sommarferie på Stårheim. Prioriteten er å plukke ein skikkelig kremtopp. Det har danna seg ein liten trend på at vi plukkar toppar i Hjørundfjord-området. Der er dett tett mellom kremtoppane, og det er lett å finne neste turmål. Det fell seg liksom sjølv, når ein bestig ein kremtopp ser ein gjerne rett bort på neste. Og då vi var på Smørskredtindane for 2 år sidan såg vi rett bort på Store Brekketind. Brekketinden har jo litt kompliserande faktorar som brekryssing og klatring. Nordfjordigar likar dårlig å bli sette i band, så her var det ein del ting som sat litt langt inne. Men er primærfaktoren høg nok er det mykje som går. Dei siste åra har eg vore råka av familieauke og dårlig ferievær, >>>

Klatring på haus klatrefelt

Dato:
18.07.2020
Turtype:
Klatring
Turlengde:
2:00t

Kart    

Sportsklatring på hell

Dato:
21.06.2020
Turtype:
Sportsklatring
Kart    

Pinsebuldring på Vingsand

Dato:
30.05.2020
Turtype:
Buldring
Kart    

Buldring på Hell.

Dato:
03.05.2020
Turtype:
Buldring
Kart    

Isklatring på Engan - Kleivkallen (WI4 80m)

Dato:
15.12.2019
Turtype:
Isklatring

Det opna seg ei moglegheit for å lufte seg litt, og når valget stod mellom julebord og friluftsliv fall valet lett på det minst slitsomme: friluftsliv. Eg ville klatre litt is, men sidan alle mine venner er småbarnsforeldre er det vanskelig som pesten å finne nokon som har tid. Eg tok difor ein sjangse, og spurte nokre ungfolar frå Tindekluben si korrekturlesegruppe om dei var gira på tur. Dei var forsåvidt ikkje så mykje yngre enn meg i alder. Men, sidan dei ikkje har ungar har heller ikkje aldringsprosessen deira skutt drastisk fart enda. Dei hadde sjølvsagt eit hav av tid og kunne klatre når som helst, så vi plukka vi ut søndag, og eg foreslo litt cragging på skiferbrotet på Engan i Drivdalen. Eg sat på med Ulf til Oppdal, der vi møtte Odd Rune og Ragnhild på CircleK, før >>>

TV-fossane i Drivdalen

Dato:
24.11.2019
Turtype:
Isklatring

Isklatretur i Drivdalen med Pål Christian. Det vart svært lite is i fjord, og ellers har vel psyken vore litt skral etter at eg har følt strikken har vore tøya litt. Om den faktisk har vore tøya, eller om det er reproduksjonen som har gjort meg meir bekymra veitast ikkje. Uansett var målet i dag kos heller enn hard og farlig støting. Valet fall på TV-fossane - kort anmarsj og moderat klatring. Vi byrja på venstre TV-foss. Første lengde var treerklatring, og ærleg tala - her måtte det bankast vekk ein del rust på ledeforma. Men eg kom opp. Vidare såg det lett ut, og Pål Christian som ikkje har leda så mykje gav seg i kast med toppen. Men det var ikkje så lett som det såg ut, og han fira seg tilbake til standplass. Eg tok over stafettpinne, og her vart det litt brattare. Smøris >>>

Skagastølsryggen

Dato:
26.07.2019
Turtype:
Alpin klatring
Turlengde:
24:00t
Distanse:
18,0km

Innledning (bablealarm - hopp til neste kapittel om du berre er interessert i turen) Småbarnsperioden er eit Sahara i det Afrika som er sjølvrealisering. No vil kanskje mange lesarar – og kanskje særlig dei som er i sine fjellfulle før-familie-år, seie at eg kan takke meg sjølv. Ja, det kan eg. Men no er det ein gong slik at ein i tillegg til fjelldrift har både kjønnsdrift og forplantningsdrift, og at desse før eller sidan vil kome i konflikt med kvarandre. For fleirtalet vinn dei to siste, sjølv om det finnast hederlige unntak. Dessutan har Erna sagt at ein treng fleire ungar her på berget, så her er det berre å step it up. Vel vel, nok av denne blandinga av sjølvmedlidenheit og sjølvrettferdigheit. Den som har vandra gjennom ørkenen ei stund veit at der også finnast oasar. >>>

Tyven tyven

Dato:
02.06.2019
Turtype:
Klatring

Sidan Andreas er i siste innspurt på doktorgrada, har det naturlig nok blitt ein del timar med vandring i myr og kratt i Bymarka - slik det gjerne blir når noko viktig men litt kjedelig, må/bør/kan gjerast. Her har han til alt overmål gått seg på ei klippe som kunne huse nokon kileruter av kort men spennande art. Han gjekk raskt den finaste linja, ei 6+ med finfin klatring og sikring av det litt delikate slaget, og kalla den Tyven tyven. Slikt kan ein ikkje la gå ubemerka forbi her ein sit i sitt sjølvvalgte reproduktive eksil. Så innimellom forkjølelse, søknadsskriving etc etc etc klara vi og rydde av litt tid ein kveld så eg skulle få meg eit forsøk. Eg hadde tjuvtrent litt med cloggen ein kveld før, så etter ein liten oppvarmingsrunde på topptau sende eg saken. Etterpå >>>

Kart