Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (6)
- Ekspedisjon (2)
- Fisketur (1)
- Annen vintertur (1)
- Fottur (211)
-
Kjøretur (4)
- Biltur (4)
-
Klatring (163)
- Alpin klatring (27)
- Buldring (25)
- Isklatring (43)
- Miksklatring (7)
- Sportsklatring (8)
-
Skitur (71)
- Fjellskitur (19)
- Langrennstur (2)
- Randonnée/Telemark (37)
- Sykkeltur (1)
"Peakbookvenner"

Favoritturer
Favorittopper
Raudfjellet
- Dato:
- 26.03.2019
- Turtype:
- Fjellskitur
Kåna avspaserte, så då opna det seg ein turdag for pappapermaren. Gitt litt mange mikroorganismar innabords i det siste, samt eit lavtrykk på veg på ettermiddagen, så var det ingen grunn til å legge ambisiøse planar. Eg tenkte å ta turen til Nerskogen - der har eg knapt vore før, og plukke ein lett tilgjengelig topp eller to før snøværet kom.
Men, eg kom aldri til Nerskogen. Eg tok av for tidlig, og før eg visste ordet av det var eg i Rindalen. Det var jo ei slags meining i dette - då eg skulle til Rindalen og Jøldalshytta for nokon år sidan enda eg opp på Nerskogen. Ringen er slutta.
Vel, eg kunne ikkje kaste vekk verdifult opphaldsvær, så eg køyrde inn på Langvatnet og tok sikte på Raudfjellet. Rindhatten såg også svært forlokkande ut herifrå, men det var litt i lengste >>>
Elgsethytta via gaupeterreng på Klefstadmyra
- Dato:
- 10.03.2018
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 3:00t
- Distanse:
- 10,0km
Folketomt silkeføre på Vassfjellet
- Dato:
- 04.03.2017
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 3:30t
- Distanse:
- 20,0km
Vassfjellet er det høgastliggande bynære fjellområdet i Trondhjæm's umiddelbare nærleik.
I dag rusla eg på fjellskia over pudder og italiensk marengs Mary Berry verdig. Likevel var det omtrent folketomt.
Milde måne kor vakkert dette var! Dette må vere noko av det finaste ein kan gå på fjellski kring byen.
Bortsett frå alpinistane på skitrekket traff eg berre ein person oppe på fjellet, og det var ei dame frå Sunnmøre.
Trønderen er kanskje så interessert i skigåing at dei sit inne og ser på at andre går på ski?
Orkdal: Våvasslifjellet - sesongstart på ski
- Dato:
- 27.12.2015
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 2:00t
Det er endelig snø og kuldegrader i Trøndelagen. Eg leita fram fjellskia frå tre års dvale og drog mot Snillfjord for å teste føret.
Sidan eg var litt sein ut av redet i dag vart det ein kortare tur. Parkerte på Sætergarden P-lomme, der termometeret leste -8 grader. Eg satsa på ei blanding av blå swix og tre år gammalt klister, og labba oppover vegen mot steinbrotet. Kom opp ei skulder over steinbrotet der det var like mykje frosa myr som snø. Det funka fint ei stund, til siste bratta. I staden for å gå rundt, tok eg av skia og gjekk opp ei renne til venstre for den tydelige hammaren.
På toppen bles det friskt, og det var nydelig og klar vinterluft, kanskje 10-15 minusgrader.
På veg ned gjennom skogen vart det rimelig tydelig at eg ikkje er heilt inne i fjellskikøyring. Noko varierande >>>