Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Mørkets hemmeligheter

Dato:
04.12.2022
Turtype:
Spasertur

Seinhaust/tidlig vinter på Herju

Dato:
02.12.2018
Turtype:
Spasertur
Distanse:
3,0km

Elgsethytta

Dato:
01.12.2018
Turtype:
Spasertur
Kart    

Surnadalsk dobbel del1: Honnstadknyken

Dato:
05.07.2018
Turtype:
Spasertur
Turlengde:
1:52t
Distanse:
11,3km

Finværsdag og akademisk fridom = fjelltur! Kva kremtoppar er innan rekkevidde mellom levering og henting i barnehagen? Honnstadknyken kunne passe. Trollheimen sin stolte hjørnestein i nordvest. Fin topp, ikkje så omfattande, pirrande PF og 2 timar køyring. Einaste trekket er at det berre ville gi ei raud nål på denne dagen. Dette er jo så viktig som ein gjer det sjølv, men etter å ha sett resultatet av finværsperioden i det siste på peaker´n var eg svolten. Leverte i barnisen, og la i veg gjennom Trøndelags vått-kledde landskap og over til Surnadalen. I gang klokka 10. Fin sti og fint utsyn over kjende og flotte trollheim-fjell! Men det var varmt, gitt! På toppen etter 1t10min. Kjendest bra. Såg litt på klokka, og over på Strengen. Hm. Kanskje? La i veg ned bakkane, fin løpesti! >>>

Kart    

Lufting av familien på Elgsethytta

Dato:
26.05.2018
Turtype:
Spasertur
Distanse:
8,0km
Kart    

Til Estenstadhytta med Farfar

Dato:
19.11.2017
Turtype:
Spasertur

Farfar på besøk i Trondheim og fint vintervær. Eskil gikk nesten heilt ned igjen, og lo rått av folk som sklei på glatta.

Kart    

Stokkanhaugen-Estenstadhytta

Dato:
21.10.2017
Turtype:
Spasertur
Kart    

Elgsethytta

Dato:
08.10.2017
Turtype:
Spasertur

Rusletur på Elgsethytta. Då Eskil sprang nesten heile vegen tilbake til bilen fann eg ut at det var på tide han fekk eigen konto.

Kart    

Blåberga

Dato:
30.06.2017
Turtype:
Spasertur
Distanse:
2,9km

Eg har eit ganske ambivalent forhold til desse topplistene: på den eine sida synest eg ein skal gå fine turar heller enn ufine turar, men på den andre sida klarer eg ikkje å la listene vere heller. Eg er berre for glad i å samle, strukturere og loggføre. Vel, på første dag i sommareferien var planen å vaske leiligheita medan sonen var i barnehagen. Det er vel gjerne slike dagar ein endar opp på turar som denne. Fulgte hogstveg over hogstfelt eit godt stykke, før det vart litt vassing på slutten. Fikk selskap av 200 000 fluger. Er ein interessert i bringebær er det nok å jobbe med opp i her på seinsommaren.

Kart    

Trondheim pf>100: Hangervåttån

Dato:
17.11.2016
Turtype:
Spasertur
Distanse:
2,9km

På tide å jobbe på pf-lista. Denne våtten har eg tenkt på ofte, men den har vorte nedprioritert like ofte. Med god grunn ser det ut til. Eskil sovna raskt, kanskje av alle inntrykka i granskogen? Men det vart ikkje lange duppen - etter eit drøyt kvarter var vi oppe. Etter litt roting rundt etter utsikt som aldri viste seg, skreiv vi oss i boka og rusla nedatt. Adjø Hangervåttån - for alltid.