Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Utslått forsøk på Navajo Peak, og litt om Boulder

Dato:
21.07.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
6:00t

Utslått forsøk på Navajo Peak Dette skulle vere vår siste aktivitetsdag på Colorado-ferien, og turen skulle gå til Navajo Peak. Den er ikkje av dei høgaste Indian Peaks, men absolutt ein av dei penaste. Vi skulle tidlig plukka opp dei dårlige omena: i går var det berre rot og tull i klatreveggen. I dag, på veg til trailheaden, var vi nære ved å køyre på ein hjortekalv. Den hadde englevakt. Men dette lot oss ikkje stoppe, og vi var på trailheaden kl. 06. Optimistiske la vi i veg på den noko langtekkelige anmarsjen, medan vi plystra høgt for å skremme vekk eventuelle bjørnar og fjelløver som visst nok skal vere i området. Men, beina var tunge denne dagen. Og Kona snubla og svima meir og meir opp etter snøfelta. Mitt eige toppinstinkt, som vanligvis er sterkt og vitalt, var >>>

Kart    

Mount Elbert

Dato:
18.07.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
6:42t
Distanse:
14,8km

Mount Elbert er det "2nd highest peak in the continous USA", dvs det ekte Amerika bortsett frå Alaska og anna rask. Vår veg til Mt. Elbert var lang og kronglete, der sjølve gåinga var ein overraskande liten del av eventyret. Etter å ha bestege Mt. Evans med bil lurte eg og Kona på kva som var neste ferieeventyr i Colorado. Kona ville gjerne sjå Aspen, som etter sigende har av dei høgste boligprisane i USA, noko som var eksotisk nok, men ikkje ein stad vi ville overnatte. Etter køyring opp og ned frå fjellpass og djupe dalar med imponerande fjelltoppar byrja det å bli seint. "Her er det ein by, der kan vi stoppe", sa Kona, og vi svinga av til byen Vain. Vi lukta raskt lunta. Vain sin bebyggelse var stort sett Marriot Plastic Plaza mm. og menneska her var kledd i >>>

Kart    

Mount Moosilauke

Dato:
15.06.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:30t
Distanse:
12,0km

Tur til nok ein appalachisk tind. Ingen ting å melde.

Kart    

Roppehornet via Måsegylet

Dato:
28.12.2013
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:00t

Regn og atter regn på Sunnmøre. Kva skal ein gjere med slike juleferiar? Kanskje klatre opp Måsegylet? Ei renne eg har sett på sidan mine barndomsår. Westcoastpeaks beskreiv renna med eit crux som måtte klatrast ( http://westcoastpeaks.com/Peaks/roppehornet3.html ), så Erlend og eg heiv tauet i sekken, og lurte oss ut frå familiehyggen for å riste av oss julefeittet med litt lavterskelalpinizm. Vel oppe med cruxet såg vi at grasbakken skulle vere greit klyvbar. Men vi fikk lyst å klatre diederet, som kanskje var 5-6 meter langt. Det var ikkje særlig bratt, utan vertikal og lite eksponert (kanskje grad 3), så tauet låg i sekken. Men det var sleipt og glatt, så vi slengte ut øksene og drog oss gjennom i god alpinizmus-stil. Litt puls måtte jo oppdrivast på det som liksom skulle vere lavterskelalpinisme-tur. Vidare var det grasbakke >>>

Skrommelnebba

Dato:
27.10.2013
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
6:30t
Distanse:
14,0km
Kart    

Sunndalen-Såtbakkollen-Tåga

Dato:
09.08.2013
Turtype:
Fjelltur

Hoppa i bilen etter jobb i Trondheim fredag ettermiddag, og byrja å gå frå Eiriksvollen kl. 2045. Svinga oss dei 76 hårnålssvingane opp den flotte DNT-stien langs Haldobekken, og såg Sunndalen forsvinne under oss i skodda. Slo opp teltet ved 1061-vatnet ca kl. 2315, og inntok ein hustrig Real/Drytech turmat før vi hoppa i soveposane. Ingen alpin start dagen etter: kl 10 byrja vi vandringa, og kryssa fint oppover ei graskledd hylle og opp på ryggen som går opp til Såtabakkollen. Heile tida dansa skodde og anna tullevær rundt oss, men kom aldri dit vi var. Såtabakkollen (i Sunndalen er dette visst ein kolle) var av mindre underhaldningsverdi, så vi fortsatte mot turens mål: ryggen mot Tåga, og sjølve Tåga-toppen. Cruxet på ryggen er eit hakk midt mellom Såtabakkollen og Tåga, der >>>

Roraima

Dato:
10.07.2008
Turtype:
Fjelltur

Skal ein til Venezuela, så bør ein legge vegen om Roraima, fjellet der dinosaurane angivelig har overlevt. Om ikkje så vel så er det fleire artar her som har næraste slektningar i Afrika - så isolert er økosystemet på toppen av denne klippa som ligg 2000 stupbratte meter over omlandet. 6 dagers tur med guide (enkelt å hoppe på turar arrangert frå St.Helena), litt bærehjelp, og ubehjelpelige turkameratar. Er ein middels trent er dette barneskirenn. Ta med gode sko og ullundertøy. Det er glatt og vått, og på toppen er det fuktig og kaldt (til tross for at vi er ved ekvator).

Kart