Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (6)
- Ekspedisjon (2)
- Fisketur (1)
- Annen vintertur (1)
- Fottur (211)
-
Kjøretur (4)
- Biltur (4)
-
Klatring (163)
- Alpin klatring (27)
- Buldring (25)
- Isklatring (43)
- Miksklatring (7)
- Sportsklatring (8)
-
Skitur (71)
- Fjellskitur (19)
- Langrennstur (2)
- Randonnée/Telemark (37)
- Sykkeltur (1)
"Peakbookvenner"

Favoritturer
Favorittopper
Telttur på Løysingevatnet
- Dato:
- 07.08.2015
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 10,0km
Det var på tide med den tradisjonelle teltturen til meg og nevøen min, Christopher. Dette var tredje ekspedisjon for fiske og teltovernatting i Stårheimsdalen, og turen denne gongen gjekk til Løysingevatnet.
Vi starta klokka 18 frå veienden ved Sigrona i fint sommarvær - ein av dei få fine dagane hittill denne sommaren. Det gjekk radig opp til Indre Fannstøylen, der vi tok første sjokoladepause. Herifrå såg vi også kveldens mål for første gong.
Eg hadde ein tanke om at det gjekk sti herifrå og vidare innover dalen. Det gjer det kanskje også, men vi fann den ikkje. Difor vart taktikken å kome seg rett over på stien på andre sida av elva. Her vart det litt roting i myrlendt skog, samt ei litt spennande elvekryssing. Etter ei stund nådde vi stien, og vi tok ei ny pause der stien >>>
Trollvasstinden og omegn
- Dato:
- 04.08.2015
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 4:30t
- Distanse:
- 13,0km
Det finnast mange typar turar: familieturar, alpinturar, klatreturar, koseturar etc etc. Men eg har i det siste oppdaga aleinegangen; soloturen. All den tid Peakbook dominerast av menn som har eit over-gjennomsnittleg entusiastisk forhold til å rote rundt på fjellet treng eg ikkje å utbrodere aleinegongen for mykje. Eg skal avgrense meg til å seie at det gir ein eigen tilfredstillelse i å kun ha eigen kropp og vurderingsevne som barriere for korleis turen forløper. Ein kort sagt spenner på seg skoa, finn ei rute som kan passe i høve til omfang, risiko etc., også er det berre å dundre på!
Med to vekers sommarferie i Noreg i år, og rimelig bra vær, hadde eg sett meg ut eit par potensielle kandidatar for aleinegong. Eg valde Trollevasstinden, både fordi den framsto som ein flott og >>>
Peak 10 og Crystal Peak
- Dato:
- 22.06.2015
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:36t
- Distanse:
- 18,0km
Ny konferansedag med pause frå 12 til 17. Hoppa i joggeskoa og la i veg oppover dei etterkvart så kjende skibakkane. Målet for dagen var å kome meg litt skikkelig opp i høgda.
Sidan eg var rimelig gåen i går (etter peakbook-bonanzaen på Peak 8,7,6,5) prøvde eg å ta ei litt roligare marsjfart i dag. Det virkar som at den tynne lufta slit litt ekstra på kroppen.
Eg skulle mot Peak 10. Tok same rute som til Peak 9, og var oppe på ryggen under Peak 9 innan rimelig tid. Det var framleis eit stykke til toppen, som ligg litt lenger bak enn Peak 9. Heldigvis kan ein følge ein grusveg ganske langt, og den letta det bratte stykket opp til austryggen av Peak 10 ganske mykje. Deretter var det opp eit snøfelt til toppen, høgda kjendest godt. Toppa ut klokka 14, to timar etter start.
Etter ei >>>
Peak 8,7,6,5
- Dato:
- 21.06.2015
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 20,0km
Ny dag, nye moglegheiter! Dagens konferanseprogram hadde pause frå 12-17, og denne måtte jo brukast til noko nyttig. For eksempel sightseeing i Breckenridge sentrum? På ingen måte. Eg hoppa i joggeskoa og la i veg mot Peak 8.
Det kjendest bedre ut opp bakkane enn i går, men eg tok meg også litt bedre tid. Vegen var rimelig strak: følg skibakkane til topps. USA's høgste skiheis går til toppen av Peak 8. Likevel vart det slitsomt nok på dei opptina snøfelta langs toppryggen.
Klokka 2 stod eg på toppen, og bevilga meg ei banan medan eg såg bortetter ryggen. Konferansen starta ikkje att før klokka 17. Kanskje eg kunne svinge innom Peak 7 på veg ned? Det skulle ikkje ta så lang tid, og med denne tynne lufta er det jo oppoverbakkane som tar tid. Synd å kaste vekk all denne oppovertravinga >>>
Peak 9
- Dato:
- 20.06.2015
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:00t
- Distanse:
- 11,4km
Hæpp hæpp, konferanseveke i Breckenridge Colorado! Også i Colorado då, som kanskje er min yndlingsstat. Nesten som New Hampshire, berre finare fjell, finare vær og fleire digeridooar (samt fleire rikingar også, vel og merke).
Eg ankom fredag kveld, og var litt seint i seng grunna rot med innsjekkinga. Like fullt gjorde tidsforskjela meg lys våken kl. 5. Konferansen byrja ikkje før 8:30, og rett bak hotellet låg peakbook-elementa på rekke og rad. Kunne ein rekke å skrape med seg ein topp før konferansestart?
Eg hoppa i joggeskoa og la i veg opp dei snølause alpinbakkane. Raskt merka eg at lufta var noget tynn (pust pes). Toppane over meg hadde dei klingande navna Peak 8, 9 og 10. Eg var ikkje heilt sikker på kven som var kva, men eg sikta meg ut ein høg ein litt mot sør. Då skibakkane >>>
Mount Monadnock
- Dato:
- 24.05.2015
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 14,5km
Våren har kome for fullt i New England. På slike dagar kan ein ikkje henge svett i ei klippe som offer for alslags blodsugande utøy. Med sjokkerande få peakbookelement registrert hittil i år var det på tide å kome seg på fjellet!
Men så var det å finne fjell då. Vi hadde sett noko som likna sist gong vi besteig ein Massachusettsk ås. Det viste seg å vere Mount Monadnock , visst nok verdas mest besøkte fjell (det er jo alltid noko). Men fjellet såg fint ut det, og vi bestemte oss for å gå dit.
For å unngå folkemengdene og for å få ein litt lenger tur satsa vi på Pumpelly Trail. Det skulle vere 9 miles t/r, og såg ut til å følge ei pen egg. Det var ikkje mykje folk, og særs behaglig temperatur. Etter kvart som vi kom opp på egga var det av det bedre vi har opplevd i New England. Fjellgåing >>>
Hasundhornet ad Klogylet
- Dato:
- 22.11.2014
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:00t
arntfla (Arnt Flatmo) har jo omtrent skrive læreboka i bratte tilsnikingar på Ytre Søre. I dag tenkte eg å prøve meg på direktevegen til Hasundhornet via Klogylet.
Det var noget sleipt oppover, og mykje buskas. Men når ein kom så langt opp at vegetasjonen vart lavare og ein kunne gå opp på ryggen ved sidan av renna vart det riktig så fint. Kanskje 50 grader på det brattaste, nokre få klyveopptak YSD 3.
Potensielle mixlinjer i rennene og ryggane sør for Klogylet ved litt is og snø (foretrukken anmarsj vil då vere frå toppen og ned Klogylet. Klogylet sjølv kan kanskje vere ei fin skinedkøyring for den dristige?
Tilbaketur ned flanken mot Alvehaugen, og runda av mot Strandabøen og busslomma på Hasund-avkjørsla der bilen stod. Dette var dagens crux og reint gaupeterreng.
Skolma
- Dato:
- 21.11.2014
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 4:00t
Pen tur på Skolma i meget pent vær. Tilløp til peakbook-treff på toppen då vi oppdaga at den sagnomsuste toppsamlaren otto (Otto Lund) hadde hatt dagens einaste besøk på toppen tidligare same dag.
Åleine i Sunnmørsalpane
- Dato:
- 20.11.2014
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:30t
Kva er det med fjellet? Kvifor kjennest det som vel anvendt tid å vase kring i skodde og glatt ur medan Kona ligg under dyna og Far les avisa?
Eg undra meg over dette opp bakkane mot Skårasalen. Været hadde vore så fint, men no hadde det tetna heilt til. Det gjorde ingen ting - stien var godt merka. Som venta var det god plass på toppen. Utsikta herifrå skal vere fantastisk. Eg hadde gledd meg til den, men det gjorde ikkje mykje at den uteblei.
Er det kjensla av elementa, av å mestre desse? Eller er hovudet vårt inretta på å reagere positivt på villmarka, som restar av eit gammalt jeger-og-sankar-instinkt? Ålmengyldig ser det ikkje til å vere, men overraskane mange fortapar seg i den noko meiningslause aktiviteten som friluftsliv kan seiast å vere.
Eg åt litt av nista medan eg håpa >>>
Paa giengrode stier
- Dato:
- 18.11.2014
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 5:00t
Noregstur og på gjengrodde stier i min barndoms fjellheim. Rett over fjorden låg Sunnmørsalpane, men Far og meg holdt oss mest på heimøya sine runde toppar og vidder.
I dag gjekk turen til dei to høgste fjella på øya, Blåtind og Kongsvoll, via øyas einaste egg, bukketrappa. Blikkstille novembervær. Få å sjå på fjellet ein tirsdags formiddag. Fred i sjelen, for å seie det slik.