Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (6)
- Ekspedisjon (2)
- Fisketur (1)
- Annen vintertur (1)
- Fottur (211)
-
Kjøretur (4)
- Biltur (4)
-
Klatring (163)
- Alpin klatring (27)
- Buldring (25)
- Isklatring (43)
- Miksklatring (7)
- Sportsklatring (8)
-
Skitur (71)
- Fjellskitur (19)
- Langrennstur (2)
- Randonnée/Telemark (37)
- Sykkeltur (1)
"Peakbookvenner"

Favoritturer
Favorittopper
Trolledalsegga
- Dato:
- 09.08.2015
- Turtype:
- Spasertur
Siste dag i Nordfjord denne ferien. Noko ustabilt vær, men ikkje verre enn at ein måtte kome seg på tur. Tenkte eg kunne lufte slekta litt, og lokka Kona og Christopher med Trolledalsegga og grusveg heilt til topps.
Etter litt feilkøyring på Lote fann vi vegen til Lotsstøylen. Her kom høgdemetera fort (på bilvegen opp til støylen)!
Parkerte på støylen og gjekk svingane oppover mot toppen. Det vart etter kvart noko kald trekk. Skodda låg på omtrent 1000 meter, og vi kom etterkart opp i vestlandsk heilårsvær (5 grader og duskregn). Det skulle vere veldig fin utsikt herifrå, men i dag fekk vi nøye oss med å sjå litt på Horningdalsvatnet.
Etter ein kjapp skjevestopp i ly av huset på toppen sprang vi tilbake til bilen. Det vanka softis på turleiar og nevø etterpå.
Telttur på Løysingevatnet
- Dato:
- 07.08.2015
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 10,0km
Det var på tide med den tradisjonelle teltturen til meg og nevøen min, Christopher. Dette var tredje ekspedisjon for fiske og teltovernatting i Stårheimsdalen, og turen denne gongen gjekk til Løysingevatnet.
Vi starta klokka 18 frå veienden ved Sigrona i fint sommarvær - ein av dei få fine dagane hittill denne sommaren. Det gjekk radig opp til Indre Fannstøylen, der vi tok første sjokoladepause. Herifrå såg vi også kveldens mål for første gong.
Eg hadde ein tanke om at det gjekk sti herifrå og vidare innover dalen. Det gjer det kanskje også, men vi fann den ikkje. Difor vart taktikken å kome seg rett over på stien på andre sida av elva. Her vart det litt roting i myrlendt skog, samt ei litt spennande elvekryssing. Etter ei stund nådde vi stien, og vi tok ei ny pause der stien >>>
Trollvasstinden og omegn
- Dato:
- 04.08.2015
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 4:30t
- Distanse:
- 13,0km
Det finnast mange typar turar: familieturar, alpinturar, klatreturar, koseturar etc etc. Men eg har i det siste oppdaga aleinegangen; soloturen. All den tid Peakbook dominerast av menn som har eit over-gjennomsnittleg entusiastisk forhold til å rote rundt på fjellet treng eg ikkje å utbrodere aleinegongen for mykje. Eg skal avgrense meg til å seie at det gir ein eigen tilfredstillelse i å kun ha eigen kropp og vurderingsevne som barriere for korleis turen forløper. Ein kort sagt spenner på seg skoa, finn ei rute som kan passe i høve til omfang, risiko etc., også er det berre å dundre på!
Med to vekers sommarferie i Noreg i år, og rimelig bra vær, hadde eg sett meg ut eit par potensielle kandidatar for aleinegong. Eg valde Trollevasstinden, både fordi den framsto som ein flott og >>>
Peak 10 og Crystal Peak
- Dato:
- 22.06.2015
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:36t
- Distanse:
- 18,0km
Ny konferansedag med pause frå 12 til 17. Hoppa i joggeskoa og la i veg oppover dei etterkvart så kjende skibakkane. Målet for dagen var å kome meg litt skikkelig opp i høgda.
Sidan eg var rimelig gåen i går (etter peakbook-bonanzaen på Peak 8,7,6,5) prøvde eg å ta ei litt roligare marsjfart i dag. Det virkar som at den tynne lufta slit litt ekstra på kroppen.
Eg skulle mot Peak 10. Tok same rute som til Peak 9, og var oppe på ryggen under Peak 9 innan rimelig tid. Det var framleis eit stykke til toppen, som ligg litt lenger bak enn Peak 9. Heldigvis kan ein følge ein grusveg ganske langt, og den letta det bratte stykket opp til austryggen av Peak 10 ganske mykje. Deretter var det opp eit snøfelt til toppen, høgda kjendest godt. Toppa ut klokka 14, to timar etter start.
Etter ei >>>
Peak 8,7,6,5
- Dato:
- 21.06.2015
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 20,0km
Ny dag, nye moglegheiter! Dagens konferanseprogram hadde pause frå 12-17, og denne måtte jo brukast til noko nyttig. For eksempel sightseeing i Breckenridge sentrum? På ingen måte. Eg hoppa i joggeskoa og la i veg mot Peak 8.
Det kjendest bedre ut opp bakkane enn i går, men eg tok meg også litt bedre tid. Vegen var rimelig strak: følg skibakkane til topps. USA's høgste skiheis går til toppen av Peak 8. Likevel vart det slitsomt nok på dei opptina snøfelta langs toppryggen.
Klokka 2 stod eg på toppen, og bevilga meg ei banan medan eg såg bortetter ryggen. Konferansen starta ikkje att før klokka 17. Kanskje eg kunne svinge innom Peak 7 på veg ned? Det skulle ikkje ta så lang tid, og med denne tynne lufta er det jo oppoverbakkane som tar tid. Synd å kaste vekk all denne oppovertravinga >>>
Peak 9
- Dato:
- 20.06.2015
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:00t
- Distanse:
- 11,4km
Hæpp hæpp, konferanseveke i Breckenridge Colorado! Også i Colorado då, som kanskje er min yndlingsstat. Nesten som New Hampshire, berre finare fjell, finare vær og fleire digeridooar (samt fleire rikingar også, vel og merke).
Eg ankom fredag kveld, og var litt seint i seng grunna rot med innsjekkinga. Like fullt gjorde tidsforskjela meg lys våken kl. 5. Konferansen byrja ikkje før 8:30, og rett bak hotellet låg peakbook-elementa på rekke og rad. Kunne ein rekke å skrape med seg ein topp før konferansestart?
Eg hoppa i joggeskoa og la i veg opp dei snølause alpinbakkane. Raskt merka eg at lufta var noget tynn (pust pes). Toppane over meg hadde dei klingande navna Peak 8, 9 og 10. Eg var ikkje heilt sikker på kven som var kva, men eg sikta meg ut ein høg ein litt mot sør. Då skibakkane >>>
Mount Monadnock
- Dato:
- 24.05.2015
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 14,5km
Våren har kome for fullt i New England. På slike dagar kan ein ikkje henge svett i ei klippe som offer for alslags blodsugande utøy. Med sjokkerande få peakbookelement registrert hittil i år var det på tide å kome seg på fjellet!
Men så var det å finne fjell då. Vi hadde sett noko som likna sist gong vi besteig ein Massachusettsk ås. Det viste seg å vere Mount Monadnock , visst nok verdas mest besøkte fjell (det er jo alltid noko). Men fjellet såg fint ut det, og vi bestemte oss for å gå dit.
For å unngå folkemengdene og for å få ein litt lenger tur satsa vi på Pumpelly Trail. Det skulle vere 9 miles t/r, og såg ut til å følge ei pen egg. Det var ikkje mykje folk, og særs behaglig temperatur. Etter kvart som vi kom opp på egga var det av det bedre vi har opplevd i New England. Fjellgåing >>>