Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (6)
- Ekspedisjon (2)
- Fisketur (1)
- Annen vintertur (1)
- Fottur (211)
-
Kjøretur (4)
- Biltur (4)
-
Klatring (163)
- Alpin klatring (27)
- Buldring (25)
- Isklatring (43)
- Miksklatring (7)
- Sportsklatring (8)
-
Skitur (71)
- Fjellskitur (19)
- Langrennstur (2)
- Randonnée/Telemark (37)
- Sykkeltur (1)
"Peakbookvenner"

Favoritturer
Favorittopper
Felden, Klakken og Lisjetoren
- Dato:
- 30.09.2022
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 9,8km
Felden har stått på ønskelista ei stund. Kanskje litt for lenge ettersom den er rett i nabolaget. Vel, slik er det når ein har for mykje å velge mellom. Med det flotte haustværet kunne ein ikkje sitte på heimekontoret og slite hol i buksebaken. Her måtte det bli tur!
Felden er jo eit mystisk fjell på fleire måtar. Det stikk seg fram både her og der - klassisk signaltopp. Fleire har lagt merke til dette. Det skal ha foregått diverse ritualer her oppe på det som skulle vere Odin sitt fjell. Tor har jo fått to fjell i dette dalføret, og Frøya eit (Frøhornet). Det er ruinar etter ei steinhytte som visst nok skulle vere åstaden for æse-rituale her oppe. Heksene stoppa visst her på veg til blokksberg - fine landingsforhold på den slette toppen. I tillegg er det eit monogram for >>>
Dalegubben og Andreas-festival
- Dato:
- 20.08.2022
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 4:30t
- Distanse:
- 9,0km
Helg på Sæbø med 40årsfeiring av vår gamle venn Andreas. Han hadde samla masse folk frå back in the days in Bergen til det som til alt overmål skulle bli ei finværshelg! Då kona var gira på fjelltur var eg rask med å drage fram Dalegubben som eit framifrå alternativ. God sti, flott utsikt, enklare enn Slogen, og primærfaktor på over 900m - nok av gode argument her altså!
Vi kom oss avgårde frå Pålgarden på Riise ca 11, og etter ein pitstop på Joker var vi på beina 1120. Først opp eit hogstfelt der nokon hadde gått amok med motorsaga og laga ein slags lokal skulpturpark, deretter litt bjørkeskog før vi var oppe i Skodalen. Herifrå gikk det berre ein veg, og vi var på toppen etter ca 2,5 timar.
Utsikta var til å ta og føle på, og både eg og kona var svært nøgde! >>>
Svartekari
- Dato:
- 16.08.2022
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 10,4km
I dag var det meldt regn og atter regn, så då var planen oppstart på jobb på Firda på formiddagen, så bruke dagen til å lage årsplan for undervisninga, før brattkortprøve med Lise, Maaike og Vigdis i hallen på ettermiddagen. Men har du sett - her klarna det fint opp. Ikkje kvardagskost denne sommaren. Sidan eg tilfeldigvis hadde med turkleder måtte dette sjeldne værvindauget utnyttast!
Eg køyrde opp Jardalsvegen, parkerte og la vegen mot Svartekari. Veldig fint tilrettelagt sti inn til den flotte Mardalsstøylen, så god T-sti heile vegen til topps. Meget fin tur. Flott terreng i veldig fine omgivnadar. Slo til med sokalla "underskya" vær.
Anbefalast som nærtur kring Sandane - eit mykje bedre alternativ enn til dømes Ryssdalshornet, som er mykje trask på grusveg.
Flott >>>
Tor og Tor
- Dato:
- 13.09.2021
- Turtype:
- Løpetur
- Distanse:
- 13,3km
I min iver etter å springe Laurdalen rundt på ein perfekt finværsdag har desse kremtoppane i nabolaget blitt ståande ubesøkt. I dag fann eg ut at nok fekk vere nok. Litt sein avgang gjorde at eg måtte vurdere turomfanget litt, men eg gikk for ein plan om å gå frå Furuhogane og sjå kor langt eg kom før eg måtte snu for å rekke barnehagen.
Alt i alt ein flott dag i mitt næraste høgfjellsområde, med eit ruteval som eg trur var ganske effektivt. Her fikk ein både fin klyving, laus ur, og litt forskjellig imellom. Samt spektatkulær utsikt og mykje blåbær.
Olina vart ikkje henta sist i barnehagen i dag heller, sjølv om marginen ikkje var enorm. Så æra i behold.
Felden får stå til seinare.
Blånebba og Mjølvafjellet
- Dato:
- 08.08.2021
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 10,2km
Dagen derpå turen til Store Trolltind var både eg og Erlend litt tomme. Det var litt snakk om ein kortare fjelltur, eller kanskje litt klatring på Hornaksla, men etter at Erlend fekk tenkt seg om over ein kanelbolle i Åndalsnes sentrum, hoppa han i teslaen og tusla seg heim til Trondheim.
Eg hadde tenkt litt på at Blånebba kunne vere eit turmål, så eg køyrde til Venjedalen. Ikkje veldig mykje futt i kroppen i dag, men eg hadde god tid.
Etter kvart kom motoren litt meir i gang, og det vart tilløp til småspringing bortetter romsdalsegga mot Mjølvafjellet. Deretter til Blånebba, med flott utsikt til gårsdagens turmål. Til slutt la eg turen innom Storhesten også, så slepp eg å sjå på den gråe nåla meir.
Deretter softis og eit forsøk på å finne buldrefeltet på Skiri, noko >>>
Sætredalsfjellet og Fivelstadnibba
- Dato:
- 03.08.2021
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 12,0km
Freelance-tur på ein tirsdag med Kroksleiven - valet fall på Sætredalsfjellet. Og då måtte sjølvsagt også Fivelstadnibba med.
Underteinka klaga på tunge lår opp bakkane, og skulda på koronavaksine. Men det kan også ha vore bakkane si skuld - for denne turen hadde lange bratte bakkar i fullt monn.
Først greit på sti opp frå Fivelstad til trimposten. Her opna den fine Sætredalen seg. Men vi skulle rett opp fjellsida mot Sætredalsfjellet - ein uendelig brattbakke av gras og lyng. Deretter litt klyving opp til Sætredalsfjellet sør, som baud på upåklagelig utsikt mot Hellesylt og stryn! Og greit bort på sjølve Sætredalsfjellet, med enda meir upåklagelig utsikt mot Slogen og kompani. Så heile bakken nedatt.
Men vi var ikkje ferdige med det - Fivelstadnibba hadde ein nesten like >>>