Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (6)
- Ekspedisjon (2)
- Fisketur (1)
- Annen vintertur (1)
- Fottur (211)
-
Kjøretur (4)
- Biltur (4)
-
Klatring (163)
- Alpin klatring (27)
- Buldring (25)
- Isklatring (43)
- Miksklatring (7)
- Sportsklatring (8)
-
Skitur (71)
- Fjellskitur (19)
- Langrennstur (2)
- Randonnée/Telemark (37)
- Sykkeltur (1)
"Peakbookvenner"

Favoritturer
Favorittopper
Roraima
- Dato:
- 10.07.2008
- Turtype:
- Fjelltur
Skal ein til Venezuela, så bør ein legge vegen om Roraima, fjellet der dinosaurane angivelig har overlevt. Om ikkje så vel så er det fleire artar her som har næraste slektningar i Afrika - så isolert er økosystemet på toppen av denne klippa som ligg 2000 stupbratte meter over omlandet. 6 dagers tur med guide (enkelt å hoppe på turar arrangert frå St.Helena), litt bærehjelp, og ubehjelpelige turkameratar. Er ein middels trent er dette barneskirenn. Ta med gode sko og ullundertøy. Det er glatt og vått, og på toppen er det fuktig og kaldt (til tross for at vi er ved ekvator).
Klassisk runde på Hareidlandet
- Dato:
- ukjent
Dette er ei fin runde på viddene på Hareidlandet, med vide runde fjell og utsikt over både sunmørsalpane, øyane på ytre søre sunnmøre, og Nordsjøen i vest. Enklaste anmarsj er å gå opp Ulsteindalen (grusveg) til Lisjevatnet, og herifrå følge skilting mot Breidfjellet eller Mosvarden. Det er hipp som happ kva veg ein går, og ein endar opp tilbake på Lisjevatnet frå begge vegar. Om ein vil forlenge ruta kan ein gå nordover mot Sneldelida og Skolma (avstikkar mellom Brørne og Mosvarden). Skolma byr på flott utsikt nordover, og er høgste punkt på nordsida av Hareidseidet. Ei anna forlenging kan vere å gå ned på Roppehornet etter Breidfjellet. Roppehornet stuper rett ned i Fjæresteinane. Ein kan også gå frå Mosvarden til Ulsteinvik, eller frå Mosvarden til Skafjellet på >>>