Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Svake prestasjonar på beachen

Dato:
24.07.2016
Turtype:
Sportsklatring
Kart    

Moltesafari i Orheimsfjella

Dato:
23.07.2016

Kart    

Hjelmelandsvarden

Dato:
22.07.2016
Turtype:
Løpetur
Distanse:
5,7km

Kart    

Dua

Dato:
20.07.2016

Fantastisk vær på sommarferie i Nordfjord. Rykta sa at Dua i Kjølsdalen var eit fint turmål for å lufte familien. Det stemte bra. God stemning opp bakkane både hjå liten og stor. Fantastisk utsikt frå toppen. Eg gav Eskil eit lynkurs innan modulen "Toppar i Bremanger". Diverre var sjølve toppen 100 meter lenger borte enn varden, så det er fristande å seie at denne turen var bortkasta. Men den kjendest fin allikavel, merkelig nok.

Kart    

Lundavarden rett opp og ned

Dato:
19.07.2016
Turtype:
Løpetur
Distanse:
7,7km

Treningstur til Lundavarden, bra motbakke for å køyre leggar og lår både opp og ned. 1 time opp, halvtime ned.

Kart    

Orkdal: Vargheia med Eskil

Dato:
12.07.2016
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:48t
Distanse:
5,5km

Eskil hadde lenge masa om at vi måtte kome oss på nokon av dei fine kysttoppane i trøndelagsregionen. Presset vart ikkje mindre etter myrfadesen på Kjerringklumpen tidligare i vår. Sidan pappapermen nærmar seg med små og store skritt nytta eg mi akademiske friheit (og svært lite å gjere på jobb i dag) til å iverksette ei lita pappaperm-generalprøve: Mamma stakk på kafé, og vi to andre pakka sekken med retning for den tøffe heia (?) Vargheia. Første hindring var at eg gløymde bæreselen, og eg fekk ikkje snu før Tiller. Men SÅ var vi på veg. No var det berre for Eskil å ta formiddagskvilda si i bilen. Dette var ikkje heilt rett fram, og etter to stopp før Orkdal var vi i mål. Så på plass på Kvernamoen parkeringsplass 1 time og 45 små minutt etter at vi gjekk ut døra. >>>

Kart    

Kveldsjogg på Geitfjellet

Dato:
11.07.2016
Turtype:
Løpetur
Turlengde:
1:00t
Distanse:
6,0km
Kart    

Trondheim pf>100: Solemsvåttan

Dato:
10.07.2016
Turtype:
Spasertur
Turlengde:
1:00t

Kom heim frå klatresenteret og sola skein som berre det. Ein kan ikkje sitte inne på ein slik dag. Eskil foreslo at eg burde jobbe litt på Trondheim pf>100-lista mi. Kona valde å vere heime då ho framleis er litt rammeskeiv etter fødselen. Eg og Eskil sette snuten mot Solemsvåttån. Fin sti frå Tjønnstuggu - varmt oppetter bakkane. Eskil vekte ålmen munterheit hjå turfolket med godt humør. Etter litt var vi på toppen, der vi kunne nyte god utsikt over trondheimsregionen mellom tretoppane. Så gikk vi ned igjen.

Kart    

Ilsvika Buldrefelt

Dato:
07.07.2016
Turtype:
Buldring
Turlengde:
2:00t
Kart    

Trollhøtta-traversen + Pekhøtta

Dato:
05.07.2016
Turtype:
Fottur
Distanse:
18,5km

Det opna seg eit turvindauge, og sjølv om været var suboptimalt måtte ein smi raskt! Eg har lenge hatt lyst til å utforske den nordlige delen av Trollheimen. Då eg kom over særs fristande turrapportar frå Trollhøtta-traversen var valet enkelt. Det vart subalpin start frå Trondheim, og regnbygene dura over Orkdalen. I følge Yr skulle dette bedre seg etter 12, og eg stod på parkeringa i Søydalen under skiftande skydekke. Ettersom eg hadde fått med meg at både hundar og anna hadde vorte lurt over denne traversen tidligare tok eg sjangsen på fjelløpesko og tights. Light and fast. Fin sti oppover sætra, og fulgte så skilting og sti opp lia mot Trollhøtta og Snøhornet. Sistnevnte sløyfa eg då eg hadde andre toppar i bakhovudet. For eksempel dei på andre sida av dalen. Det hadde >>>