Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Comeback på Solemsåsen

Dato:
10.09.2018
Turtype:
Løpetur
Turlengde:
1:00t
Distanse:
9,1km

Joggetur for å teste kroppen etter over ein måned med manflu. Målet var majestetiske Solemsåsen. Mindre alpin enn Solemsvåtten, og kva er eigentlig høgast av ein vått og ein ås? Vått er kanskje avleda av varde (lik Vete vestafor). Vel vel. Fint å vere ute.

Kart    

Harbakhelg

Dato:
08.09.2018
Turtype:
Buldring
Turlengde:
24:00t
Kart    

Haust på Herju

Dato:
01.09.2018
Turtype:
Fottur

Karma bit deg bak, sa ein vis mann for ikkje så lenge sidan. Han snakka av erfaring. I August står eg med ei (1) oppføring på PeakBook. Det må vere lavaste månedsoppføringa sidan eg byrja og logge for alvor. På klatregymmen har eg nesten ikkje vist meg heller. Slik er det når ein går og vassar forkjøla mellom to smårollingar i veke etter veke. Host host og atter host. Det er vel berre ei påminning om at husflytting midt i familieauken, samtidig som ein prøvar å perse på buldring, OG ein spring på joggeturar både her og der, det vil ende med at Karma bit ein bak til slutt. No er forma bedre, og ein rolig hyttetur gjorde berre godt. God stemning i heile familien - rjømegraut til middag, skogen full av kantarell, blikk stille på vatnet og nesten 20 grader. Meisen la vi att heime, >>>

Nausdalskamchenjunga

Dato:
01.08.2018
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
4,2km

Familieutflukt til Nausdalskamben med tre generasjonar Starheim. Vi var interesserte i å sjå den nye dagsturhytta som er bygd på toppen. Nydelig vær i dag, eit par-og-tjue og overskya. Eskil hadde los for toppen og gikk heile vegen så nær som dei første par hundre metera. Underteikna hadde vore litt skeptisk til vitsen med å bygge ei hytte på Nausdalskamben, men den var skikkelig fin. Vi sat ei stund og kika på fjell ut vindauget, og i bøker frå det rikholdige utvalet; åt kjeks og nøttemiks. Så sprang vi nedatt. Vil faktisk seie at dette løfta Nausdalskamben som turmål eit par hakk! Eg tok ingen bilete av hytta, så den får de sjå føre dykk i dykkar indre. Men fantasien gir jo ofte dei flottaste bileta, seiast det.

Kart    

Smørskredtindane - sunnmørsalpane sin indrefilet

Dato:
30.07.2018
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
6:00t
Distanse:
12,0km

I desse travle tider med reproduksjon og greier er tindelivet mitt under eit visst press. Men, eg og Kroksleiven har likevel som mål og få gjennomført minst ein fellestur kvar sommar. Det er mange krav ute og går: toppen bør vere innan rimelig køyredistanse, helst vere ein topp Kroksleiven ikkje har bestige før, og inneha kvalitetar som billedskjønn, fin utsikt, spennande tur, og sexy primærfaktor. Når utgangspunktet er Norfjord, så er det faktisk framleis mykje og ta av! Årets mål vart allereide utpeikt i fjord sommar: Smørskredtindane. Ein kan seie mykje om Smørskredtindane, men det viktigaste er omtrent dette: då eg i startgropa av mi tindekarriere nådde toppunktet på Slogen i 2007, såg eg rett på Smørskredtindane. Det første eg tenkte var: “Kvifor er eg her og ikkje >>>

Lundavarden t/r

Dato:
28.07.2018
Turtype:
Løpetur
Distanse:
7,5km

53min opp, ca 25 min ned. Varmt i skogen på årets varmaste dag, men vind og strålande utsikt på toppen i blåtimen. Havet i vest og Jostedalsbreen i aust. Fantastiske bremangerfjell i sør. Yolo

Kart    

Brørene

Dato:
23.07.2018
Turtype:
Løpetur
Kart    

Generalprøvejogg Nyborg

Dato:
19.07.2018
Turlengde:
1:15t
Distanse:
9,8km

Geitfjellet

Dato:
14.07.2018
Turtype:
Fottur
Turlengde:
3:00t
Distanse:
4,0km

Tur til Trondheim sin versjon av Geita - litt mindre prangande enn sin artsfrende i nord, men utfordrande på sitt vis. Eskil gikk nesten heile vegen opp, og sov nesten heile vegen ned. Olina sov både opp og ned, medan Kona gikk både opp og ned.

Kart    

Geitfjellet kveldsjogg

Dato:
11.07.2018
Turlengde:
1:16t
Distanse:
9,0km
Kart