Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Geitfjellet

Dato:
15.03.2020
Turtype:
Løpetur

Kart    

Flexijogg til Geitfjellet

Dato:
05.03.2020
Turtype:
Løpetur
Turlengde:
1:11t
Distanse:
10,0km
Kart    

Stigedalen skitur

Dato:
25.02.2020
Turtype:
Skitur

Kart    

Skitur på Harpefossen

Dato:
24.02.2020
Turtype:
Skitur

Skitur til Bjørhovdesætra med neste generasjon. Dei kunne styre si begeistring, medan foreldra nytte det første synet av frisk luft, snø og sol sidan 2015

Gråhøa og Oppdalshøa med JoSo

Dato:
08.02.2020
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
3:00t

Det dukka opp ein turdag, og eg ville ha meg ein tur til fjells med ski på beina. Ettersom det var farevarsel av både den eine og andre sorten denne veka trengde det ikkje bli den mest ambisiøse turen. Eg sende avgårde ei melding til Oppdals milslukar og lokalkjendt #1 Johan om han kunne anbefale nokon høvelege turar. Det kunne han, og han lurte også på om han kunne slenge seg med. Det var jo hyggelig! Så då vart det eit lite peakbooktreff til Gråhøa og Oppdalshøa. Eg var litt spent på om denne slitne småbarnsfaren ville klare å holde følge med ein kar som lett kan gå tur-retur Oppdal-Kebnekaise på ein ettermiddag, men han lova å justere farta etter behov. Johan kjende bonden på Bekken gård, og hadde tinga parkering allerede dagen før. Deretter bar det opp tvilsomt føre >>>

Mosvarden

Dato:
30.12.2019
Turtype:
Løpetur
Distanse:
12,0km

Tradisjonen tru måtte eg ha meg ein julejogg til Mosvarden. Denne gongen baud det på litt meir utfordrande forhold. Sidan englebarna er litt "aktive" for tida må turaktiviten foregå etter leggetid (i bekmørkna), og sidan det er realt sunnmørsk julevær (sidelengs regn) så er slike turar av den karakterbyggande sorten. Men, eg klarer liksom ikkje la være, så slik vart det. Eg sprang grusvegen opp mot Mosvatnet, eg hadde eigentlig berre tenkt meg dit, før eg vart magnetisk drege ut i lyngen. Rimelig stivt på toppen - skodde og generelt rusk og rask. Ned att hadde eg tenkt å nytte meg av ein ny grusveg som etter sigende skulle gå over vikeskaret. Litt feilnavigering ned mot Røde-Kors-hytta, før eg kom ned til dalen der eg skulle kome inn på denne grusvegen. Ingen grusveg >>>

Kart    

Isklatring på Engan - Kleivkallen (WI4 80m)

Dato:
15.12.2019
Turtype:
Isklatring

Det opna seg ei moglegheit for å lufte seg litt, og når valget stod mellom julebord og friluftsliv fall valet lett på det minst slitsomme: friluftsliv. Eg ville klatre litt is, men sidan alle mine venner er småbarnsforeldre er det vanskelig som pesten å finne nokon som har tid. Eg tok difor ein sjangse, og spurte nokre ungfolar frå Tindekluben si korrekturlesegruppe om dei var gira på tur. Dei var forsåvidt ikkje så mykje yngre enn meg i alder. Men, sidan dei ikkje har ungar har heller ikkje aldringsprosessen deira skutt drastisk fart enda. Dei hadde sjølvsagt eit hav av tid og kunne klatre når som helst, så vi plukka vi ut søndag, og eg foreslo litt cragging på skiferbrotet på Engan i Drivdalen. Eg sat på med Ulf til Oppdal, der vi møtte Odd Rune og Ragnhild på CircleK, før >>>

Gråkallen pudderjojo

Dato:
01.12.2019
Turtype:
Randonnée/Telemark
Kart    

TV-fossane i Drivdalen

Dato:
24.11.2019
Turtype:
Isklatring

Isklatretur i Drivdalen med Pål Christian. Det vart svært lite is i fjord, og ellers har vel psyken vore litt skral etter at eg har følt strikken har vore tøya litt. Om den faktisk har vore tøya, eller om det er reproduksjonen som har gjort meg meir bekymra veitast ikkje. Uansett var målet i dag kos heller enn hard og farlig støting. Valet fall på TV-fossane - kort anmarsj og moderat klatring. Vi byrja på venstre TV-foss. Første lengde var treerklatring, og ærleg tala - her måtte det bankast vekk ein del rust på ledeforma. Men eg kom opp. Vidare såg det lett ut, og Pål Christian som ikkje har leda så mykje gav seg i kast med toppen. Men det var ikkje så lett som det såg ut, og han fira seg tilbake til standplass. Eg tok over stafettpinne, og her vart det litt brattare. Smøris >>>

Geitfjellet+

Dato:
15.11.2019
Turtype:
Løpetur
Turlengde:
1:11t
Distanse:
11,0km
Kart