Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (6)
- Ekspedisjon (2)
- Fisketur (1)
- Annen vintertur (1)
- Fottur (211)
-
Kjøretur (4)
- Biltur (4)
-
Klatring (172)
- Alpin klatring (27)
- Buldring (25)
- Isklatring (46)
- Miksklatring (7)
- Sportsklatring (9)
-
Skitur (73)
- Fjellskitur (20)
- Langrennstur (2)
- Randonnée/Telemark (38)
- Sykkeltur (1)
"Peakbookvenner"
Favoritturer
Favorittopper
Fountainflø
- Dato:
- 09.05.2022
- Turtype:
- Buldring
Tur til Flø med Eskil for å teste buldreforma i det fine vårværet. Begge fekk karra seg opp nokon fine ruter. Vi fann også ein fin stein nede ved sjøen der vi laga nokon nye ruter som passar både for unge og vaksne nybyrjarar. Avslutta med softis.
Ticks Helgegøy (6B), Mørkredd (6A+), Fountainflø (6A), Åpenbaring (6C+, øvde også litt på denne dagen før).
Holsegga og Sessegga vårski
- Dato:
- 03.05.2022
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 15,3km
Endelig vart det anledning til ein tur i det flotte området sør for Gloppefjorden!
Startskotet frå Firda gikk 13, og deadline var oppmøte på Stårheim 18 då kona skulle på fritidsaktivitet med Eskil. Så her var det berre å peise på.
Ekstra vekt vart sløyfa ved å gløyme matpakken. Kor mange toppar skulle ein klare å harve over?
Hadde sikta meg ut Sessegga, med mulig bonustopp. Køyrde til Ryggjastøylen, tok skia på sekken og rusla avgårde. Etter ei stund kunne eg ta på skia og følge tilnerma samanhengande snø vidare.
Her gikk det berre oppover. Litt travelt er det sjølvsagt når deadlinen ligg i bakhaudet, men det er berre å gå på.
Etter time og kvarter var eg på Berdalsegga og såg mot Holsegga. Det måtte jo gå å få med den der på rimelig tid? Ja vi får prøve på >>>
Stårheim ski
- Dato:
- 25.04.2022
- Distanse:
- 9,6km
Opprinnelig plan var at Kjartan ville sjekke ut skikøyringa i Stårheimsdalen. Men eg slo frampå om at vi heller kunne bruke fineværet til å gå på Eidskyrkja.
Då morgonen rann låg skodda i toppane - men ingen av oss ville avlyse kyrkjeturen. Heldigvis oppdaga Kjartan at fellane låg att heime når vi stod på parkeringa.
Så då vart det tilbake til plan A. Vi hadde jo eigentlig tenkt å ta med oss ALLE toppane i Stårheimsdalen denne dagen (neida, jada, neida), men no var det jo allerede langt på dag, og eg skulle hente i barnehagen. Så då vart det Heimste B og Lundavarden.
No var snøen så gjennomvarma at vi kunne køyre stort sett over alt (der det framleis var snø), så då vart det halfpipen ned frå Heimste, og brattlinja ned mot Orheimsbotnen.
Dette vart nok siste turen i dalen >>>
Heimste b
- Dato:
- 07.04.2022
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 6,1km
Liten luftetur etter å ha vore med på heilt super skidag med Stårheim Skule. Blide ungar og voksne som kosa seg i sola på Hjellen heile dagen - milde måne!
Etter alle desse skreda tok eg med spade og greier for å sjekke om eg kunne finne noko spennande, og jammen sa eg "vedvarande svakt lag"! Her løsna det ei bra stor blokk etter berre litt forsiktig klapping. All snøen som har kome i det siste, løsna av den gamle skaren. Truleg all den rimen vi såg førre helg. Dette luktar skredfare så det held. Drønn høyrde eg også.
Nedrennet var supert der sola ikkje hadde tatt. Tørr, fin og lett.
Så god påske og ikkje bli tatt i skred!