Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Lundavarden

Dato:
09.05.2022
Distanse:
7,2km

Barmark sesongstart på Lundavarden. Gikk overraskande radig - kanskje har all skikøyringa hatt noko for seg?

Kart    

Fountainflø

Dato:
09.05.2022
Turtype:
Buldring

Tur til Flø med Eskil for å teste buldreforma i det fine vårværet. Begge fekk karra seg opp nokon fine ruter. Vi fann også ein fin stein nede ved sjøen der vi laga nokon nye ruter som passar både for unge og vaksne nybyrjarar. Avslutta med softis. Ticks Helgegøy (6B), Mørkredd (6A+), Fountainflø (6A), Åpenbaring (6C+, øvde også litt på denne dagen før).

Kart    

Varbufjellet klatrefelt

Dato:
05.05.2022
Kart    

Holsegga og Sessegga vårski

Dato:
03.05.2022
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
15,3km

Endelig vart det anledning til ein tur i det flotte området sør for Gloppefjorden! Startskotet frå Firda gikk 13, og deadline var oppmøte på Stårheim 18 då kona skulle på fritidsaktivitet med Eskil. Så her var det berre å peise på. Ekstra vekt vart sløyfa ved å gløyme matpakken. Kor mange toppar skulle ein klare å harve over? Hadde sikta meg ut Sessegga, med mulig bonustopp. Køyrde til Ryggjastøylen, tok skia på sekken og rusla avgårde. Etter ei stund kunne eg ta på skia og følge tilnerma samanhengande snø vidare. Her gikk det berre oppover. Litt travelt er det sjølvsagt når deadlinen ligg i bakhaudet, men det er berre å gå på. Etter time og kvarter var eg på Berdalsegga og såg mot Holsegga. Det måtte jo gå å få med den der på rimelig tid? Ja vi får prøve på >>>

Kart    

Stårheim ski

Dato:
25.04.2022
Distanse:
9,6km

Opprinnelig plan var at Kjartan ville sjekke ut skikøyringa i Stårheimsdalen. Men eg slo frampå om at vi heller kunne bruke fineværet til å gå på Eidskyrkja. Då morgonen rann låg skodda i toppane - men ingen av oss ville avlyse kyrkjeturen. Heldigvis oppdaga Kjartan at fellane låg att heime når vi stod på parkeringa. Så då vart det tilbake til plan A. Vi hadde jo eigentlig tenkt å ta med oss ALLE toppane i Stårheimsdalen denne dagen (neida, jada, neida), men no var det jo allerede langt på dag, og eg skulle hente i barnehagen. Så då vart det Heimste B og Lundavarden. No var snøen så gjennomvarma at vi kunne køyre stort sett over alt (der det framleis var snø), så då vart det halfpipen ned frå Heimste, og brattlinja ned mot Orheimsbotnen. Dette vart nok siste turen i dalen >>>

Holevassegga

Dato:
20.04.2022

Kart    

LV & HB påskesløsj

Dato:
15.04.2022
Kart    

Skredegga

Dato:
14.04.2022

Kveldstur. Flott lys men litt seint for slush

Kart    

Kvernskardet

Dato:
12.04.2022

Kart    

Skåkåsfjelllwt

Dato:
10.04.2022
Kart