Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Urkedalstinden: kremtoppalarm!

Dato:
15.04.2023
Distanse:
11,6km

Denne helga vart eg brått invitert på hyttetur saman med ein heil gjeng til Øye for topptur. Det var pansermeldingar, og helga var brått good to go, så her var det berre å slå til. Verten var Henrik Koi, som eg nett hadde vorte kjend med gjennom stiftinga av Stad MDG, så dette var jo ei glimrande anledning til å styrke partisamhaldet. Då eg dukka opp fredag kveld hadde gjengen allereie vore på Slogen, og var særs nøgde. Etter grillmat og god stemning byrja diskusjonane om morgendagens tur. Då Urkedalstinden kom opp vart eg særs interessert. Denne gromtoppen har stått på lista mi lenge. Å endelig få gått ein av desse kremtoppane på vinterføre var særs attråverdig. Neste morgen var heile følget på 12 medium raskt ut av startblokka. Sola steikte på dei store snøflankane. >>>

Lisjeblåfjellet

Dato:
07.04.2023

Kart    

Gråhøgda

Dato:
04.04.2023

Kart    

Gråhøgda

Dato:
03.04.2023

Fjellkirka

Dato:
02.04.2023
Turtype:
Skitur
Distanse:
8,0km

Påskeweekend på Røros med familyen. Strålande vær og fin tur til Fjellkirka med Eskil i storform.

Kart    

Hjelmelandsvarden etter jobb

Dato:
10.03.2023

Etter lite turaktivitet i vinter vart det ein svipptur på Hjelmelandsvarden etter jobb. Kaldt og klart etter fleire dagar med snøvær. Det var nytrakka spor oppover bakkane og skiføret verka framifrå. Det har gått fleire ras i området i det siste, så eg grov ein profil under topphenget for å undersøke litt. Nedfokka nysnø og noko som såg ut som eit rimlag litt lenger nede i dekket. Ikkje veldig lett å løyse. På toppen var det nydelig utsikt med lav sol og bitande kaldt. Berre å glede seg til nedkøyringa. Diverre slo fellane seg vrange i kulden og la att masse lim på skia. Det har dei også gjort tidligare i kaldt vær - skikkelig irriterande. Det lugga skikkelig ned første bakkane, men etter kvart kom eg i det minste litt meir på gli i skikkelig superføre. Jaja. Nye fellar >>>

Kart    

Blåøret og Brattskarven

Dato:
23.02.2023
Distanse:
23,2km

Vinterferie på hytta til Erlend og Anne på Skaravatnet. Etter fjordårets suksess på Svahøa planla eg og Erlend ny fjellskitur i år. Denne gongen til Blåøret - ein topp eg ikkje har klart å kome meg på før, til tross for mange år som trønder. Litt blanda værmeldingar, men avgang frå hytta litt over kl. 9. Fint føre. Då vi kom opp i høgda var det lettgått. Erlend var i storform, så her var det berre å henge seg på. Vi måtte jo innom Brattskarven først. Her oppe var det kuling, dårlig sikt og rimelig ufyselig. Det vart fram med GPSen og vurdering av situasjonen. Ned i søkket bak Brattskarven løya det, og vi gjekk mot Blåøret, som enda såg ganske ruskete ut. Men det skulle jo letne litt utover formiddagen. Det gjorde det, og vi fikk tilogmed ei kort lunchpause bak varden. >>>

Kart    

Monsen-tur til Rødsdammen

Dato:
21.01.2023
Turtype:
Annen vintertur

Etter å sett oss grundig inn i teltlivets gleder gjennom Lars Monsen sine "villspor"-program bestemte eg og Eskil oss for at no måtte teori bli til praksis. Eg hadde kjøpt inn eit nytt 2-personstelt til jul, og no måtte dette testast på vinterføre. Sist eg vintertelta var på speidaren for over 20 år sidan. Men, vi hadde jo sett så mykje på TV at dette måtte jo gå bra! Avgang heimanfrå med tunge sekkar laurdag kveld kl 18. Ankomst Rødsdammen 1845, og teltet oppe litt over 19. Så vart det eit lite bål, og vi varma oss ein Real Turmat til kvelds. Eit høgdepunkt for Eskil, som hadde lurt veldig på korleis det smakte. Deretter byrja det å bli seint. Vi la oss i soveposen, las litt bok, og sovna begge to halv 10. Eskil fikk oppleve ei litt kald natt, noko som gikk utover >>>

Kart    

Lisje blåfjellet

Dato:
18.01.2023

Kart    

Gyrinakken og heida

Dato:
23.12.2022
Turtype:
Løpetur

Ein liten tur med ved og julegåver på vesle julafta - og då vart det tid til ein beinstrekk på to sunnmørske kremtoppar. Dette er vel første gong eg har tenkt at truger kunne hatt noko føre seg, men vart altså solid treningsutbytte til tross for beskjedne turmål. Deretter trivelig julestemning i Ulsteinvik før retur til Stårheim i eit voldsomt snøvær. Skiføre i sunnmørsfjella no altså! God jul!

Kart