Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (6)
- Ekspedisjon (2)
- Fisketur (1)
- Annen vintertur (1)
- Fottur (211)
-
Kjøretur (4)
- Biltur (4)
-
Klatring (166)
- Alpin klatring (27)
- Buldring (25)
- Isklatring (43)
- Miksklatring (7)
- Sportsklatring (8)
-
Skitur (71)
- Fjellskitur (19)
- Langrennstur (2)
- Randonnée/Telemark (37)
- Sykkeltur (1)
"Peakbookvenner"
Favoritturer
Favorittopper
Nesten klatring i Ålfoten
- Dato:
- 13.09.2025
- Turtype:
- Klatring
Eg har veldig lenge tenkt på veggane på hylle 7 i Ålfoten. I dag la stjerner og planetar seg i linje. Værmeldingane var fine, Torbjørn var gira på klatring, og Uglefisk lot seg lokke vekk frå awesome fotomotiv i Molladalen. Då vi stod på parkeringa innerst i Førdsdalen og heiv det eine sikringsmidlet meir esoterisk enn det andre i sekken, var det vanskelig å sjå korleis dette ikkje kunne bli ein knallsuksess.
Anmarsjen gikk radig for seg, og då godsakene openberra seg steig iveren i gruppa. Vi hadde god tid, så vi leita fram kikerten, smurte nokon skiver, og såg etter linjer. Så racka vi opp under veggen.
I det vi leita fram taua sa Pål at det såg så veldig mørkt ut bort med Maritind. Ja visst - der var det ei solid regnbyge. Men kanskje den passerte utan å kome hit? Eit >>>
Høgefjellet Ålfoten
- Dato:
- 03.09.2025
Endelig kan Kroksleiven få ro i sjela når han ser ut stoveglaset
Smørløysa +
- Dato:
- 28.08.2025
- Distanse:
- 17,8km
Denne turen har eg tenkt på lenge. Tre gråe nåler synlege frå skuleplassen på Firda - psykisk hardt å leve med over. tid. Fekk tips frå Hallgeir Hansen om sti frå Langedalsvatnet til Ångdalsvatnet. Då kunne eg gjere dette til ein fin runde.
Så då var det berre å vente på ein høvelig dag. I dag var det fint vær, og naturfag i siste time vart avlyst. Så då var det duka for sjølvstudie.
Tenkte at eg kom til å vere aleine oppi her, men møtte Nordfjord Folkehøgskule rett under Ångdalsvatnet. Bortsett frå det var det mykje sau - på dei mest aude stadere. Langelvfjellet må vere mellom dei meir eksklusive i Gloppen. Flott utsikt frå Blåfjellet (Breidalen), med ein spennande nordvegg og interessant terreng bortover mot Busperraksla. Herifrå var eg på kjent grunn - trudde >>>