Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Blåøret og Brattskarven

Dato:
23.02.2023
Distanse:
23,2km

Vinterferie på hytta til Erlend og Anne på Skaravatnet. Etter fjordårets suksess på Svahøa planla eg og Erlend ny fjellskitur i år. Denne gongen til Blåøret - ein topp eg ikkje har klart å kome meg på før, til tross for mange år som trønder. Litt blanda værmeldingar, men avgang frå hytta litt over kl. 9. Fint føre. Då vi kom opp i høgda var det lettgått. Erlend var i storform, så her var det berre å henge seg på. Vi måtte jo innom Brattskarven først. Her oppe var det kuling, dårlig sikt og rimelig ufyselig. Det vart fram med GPSen og vurdering av situasjonen. Ned i søkket bak Brattskarven løya det, og vi gjekk mot Blåøret, som enda såg ganske ruskete ut. Men det skulle jo letne litt utover formiddagen. Det gjorde det, og vi fikk tilogmed ei kort lunchpause bak varden. >>>

Kart