Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (6)
- Ekspedisjon (2)
- Fisketur (1)
- Annen vintertur (1)
- Fottur (211)
-
Kjøretur (4)
- Biltur (4)
-
Klatring (163)
- Alpin klatring (27)
- Buldring (25)
- Isklatring (43)
- Miksklatring (7)
- Sportsklatring (8)
-
Skitur (71)
- Fjellskitur (19)
- Langrennstur (2)
- Randonnée/Telemark (37)
- Sykkeltur (1)
"Peakbookvenner"

Favoritturer
Favorittopper
Sporlaus på Knektevasshytta
- Dato:
- 31.05.2023
- Turtype:
- Klatring
Eg har lenge lenge ønska å sette kilane i sandsteinen i Ålfoten. Men eg har berre ikkje fått ut fingeren. Før i dag. Knektevasshytta DNT-hytte har fin sti og ein fin vegg like ved. Her skulle det vere lett tilgjengelig og fin klatring. Aslak var nyfrelst og hadde flunkande nytt utstyr - han var lett å be.
Meldingane var mildt sagt av det mindre fordelaktige slaget. Ålfoten er noregs våtaste plass. Bygene tromma mot frontruta - men Yr sa det skulle blikke opp utover dagen.
Nedbøren gav seg, men det var likevel ein søkkvåt vegg vi såg frå Knektevasshytta. Eg nytta kikerten for å sjå om det tørka, og til slutt klara vi ikkje vente meir. Her måtte det klatrast.
Vi gikk mot ein høveleg høg og passe bratt/slakk del, og såg etter nokon formasjonar. Lenger oppe var tørken i gong, >>>
Sandskarhyrna
- Dato:
- 18.05.2023
- Distanse:
- 14,6km
Når turutsiktene er uklare kan langhelgene i mai vere ein forbannelse. Med særs usikre meldingar holdt 17. himmelfartshelga i sin heilskap på å gå med til intense studier av diverse værmeldingsplatformar.
Eg og Kroksleiven hadde store planar, men det vart raskt klart at desse måtte vente. Men kva skulle kome i staden?
Tøni snakka om nokon kronglete oppgangar til kvardagstoppar i Gloppen. Mange raude nåler, men nja tja... skulle det ikkje vere nedbør der då?
Etter mykje leiting på kartet til Kroksleiven fann eg ei einsleg grå nål langt inne i oppstryn. Sandskarhyrna. Kroksleiven sat og såg på same nåla. To sjeler same tanke. Då vart det Sandskarhyrna.
Behagelig avgang heimanfrå 8:30, og avgang frå parkeringa i Skjærdalen 10:30. Masse folk her som snakka framande tungemål (bokmål) >>>
Ein runde i skitrekket
- Dato:
- 12.05.2023
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 18,5km
Etter ein vinter og vår dominert av andre typar sjølvrealisering, hadde eg i dag anledning til å nytte dagen i fjellet. Rikelig med snø og fint vær gjorde at eg la vegen mot Stryn Vintereski for å plukke Karifjellet, Hestefjellsnibba og Kragefjellet, som ligg på rekke og rad ovanfor skisenteret.
Eg kunne ta på skia rett frå parkeringa, og jobba meg opp bakkanee mot første post: Karifjellet. Ganske varmt oppover. På toppen etter 2 timar.
Det gikk kjapt bort til Hestefjellsnibba, der eg var 20 min seinare. Her møtte eg ein annan kar som avspaserte.
Deretter ein litt lenger bakke til Kragefjellet, men på ingen måte avskrekkande.
Då var det store spørsmålet: no var klokka 13, og eg hadde fiksa fjellfri heile dagen. Kunne eg utvide runden? Eg såg bort på Kyrkjenibba. Det var ikkje >>>
Lundavarden
- Dato:
- 28.04.2023
- Distanse:
- 5,3km
Etter nokre månedar med mykje jobbing var det i dag endelig anledning til ein kvardagstur. Vart skibæring eit stykke, men så var det berre å trokle seg oppover mot Orheimsbotnen. Dei siste dagane med kaldt vær og nedbør hadde gitt 10-20 cm nysnø på gammal skare, og i høgda var denne tørr. Fine trygge forhold, så i dag var dagen for linja ned frå Nobba. Var jo litt spennande ned skavlen då, sidan eg ikkje visste kor mykje styresnø det var på skaren. Men det gikk veldig fint, så då var det berre å svosje seg ned bakkane!
Røyrhusnibba
- Dato:
- 16.04.2023
Dag to på topphyttetur i Hjørundfjorden. Etter gårsdagens stortur til Urkedalstind tok turfølget i dag sikte på ein litt kortare tur. Valet fall på Røyrhusnibba. Nedkøyringa her var vestvendt, så vi kunne få tid til god frokost og utvasking før avgang.
Bonden på Røyrhus kunne fortelje at han var slaktar for Ringdal, og laga den svært gode "Alpepølsa" som er ei personlig favoritt på skjeva. Eit godt utgangspunkt der altså.
Vi svinga oss rundt på nordsida av Røyrhusnibba, og kryssa oss opp henget på nordvestsida. Smæsjing på toppen - sat nok her ein times tid.
Nedkøyringa var enda bedre enn gårsdagens. Eg har ikkje gjort veldig mykje bratt-ish køyring, men no var eg jo på tur med fleire brattentusiastar, så då måtte eg jo prøve meg. Bra driv ned heile flanken. >>>
Urkedalstinden: kremtoppalarm!
- Dato:
- 15.04.2023
- Distanse:
- 11,6km
Denne helga vart eg brått invitert på hyttetur saman med ein heil gjeng til Øye for topptur. Det var pansermeldingar, og helga var brått good to go, så her var det berre å slå til.
Verten var Henrik Koi, som eg nett hadde vorte kjend med gjennom stiftinga av Stad MDG, så dette var jo ei glimrande anledning til å styrke partisamhaldet.
Då eg dukka opp fredag kveld hadde gjengen allereie vore på Slogen, og var særs nøgde. Etter grillmat og god stemning byrja diskusjonane om morgendagens tur. Då Urkedalstinden kom opp vart eg særs interessert. Denne gromtoppen har stått på lista mi lenge. Å endelig få gått ein av desse kremtoppane på vinterføre var særs attråverdig.
Neste morgen var heile følget på 12 medium raskt ut av startblokka. Sola steikte på dei store snøflankane. >>>