Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Kendric

Dato:
26.10.2022
Turtype:
Løpetur
Distanse:
14,7km

Beinstrekk til Kendric Peak.

Kart    

Humphreys

Dato:
24.10.2022
Turtype:
Fottur
Distanse:
19,0km

Når ein er i Flagstaff må ein sjølvsagt på Humphreys for litt tynn luft, utsikt og primærfaktor! Det var snø og vind i høgda på morgonen, men eg la avgårde allikavel. Kilometera kom raskt på den svingete stien, men etter kvart byrja den tynne lufta å gjere seg gjeldande. I skaret tok eg på litt meir klede før eg byrja turen bort mot toppen. Ein god del vind bortover her, men på toppen løya det litt. Fantastisk utsikt over flatlandet herifrå. Riktig så flott! Tilbake i skaret var eg ikkje klar for å dukke ned i skogen att, så eg la turen bortom Agassiz også. Her er det landskapsvernområde om sommaren, men no var det hverken skilt eller sperringar å sjå, så det var berre å traske opp. Deretter retur.

Flagstaff og indian creek

Dato:
23.10.2022
Turtype:
Klatring

To-vekers pappaferie (!!!!) til Arizona og Utah for å besøke Andreas og Solveig som har flytta til Flagstaff halvanna år. Planen var å sjå om dei oppførte seg i land of the free eller om dei hadde blitt til republikanske kåbbåiar, og dessutan klatreklatreklatre - med trad-mekkaet Indian Creek som hovudattraksjon. Blir difor litt klatrenerding i denne rapporten. Dei som ikkje gidd å lese slik henvisast til rapportane frå dei to turane med oppoverbakke som eg fekk logga under oppholdet. Bra primærfaktor, tynn luft og greier - bør altså vere interessant for dei fleste. Her og her . Men altså... Eg landa i Phoenix seint laurdag kveld, og var i Flagstaff tidlig søndag morgon. Vakna litt ut på føremiddagen og helste på vertskapet. Deretter tok vi oss ein tur på det lokale buldrefeltet Priest >>>

Lundavarden

Dato:
14.10.2022
Turtype:
Løpetur

Kart    

Brørne

Dato:
09.10.2022
Turtype:
Løpetur
Distanse:
15,3km

Kart    

Premieutdeling og lisje blåfjellet

Dato:
02.10.2022

I dag var det duka for fjelldag og premieutdeling for fjelltrimgruppa til Stårheim IL på Fannstøylen. Bra oppmøte av store og små. God stemning oppover, med natursti frå 4H. På støylen var det bålpanne, pølser, snop og alt som høyrer fjellet til! Etterpå fekk vi med oss ein gjeng unge fjellfolk til Lisje Blåfjellet, der vi skulle merke litt. Dei bygde vardar til den store gullmedalja, så skal ein gå seg vill her må ein gjere ein solid innsats. Ny topp for Eskil, som var i storform i dag. Deretter heim i regnværet. God stemning heile vegen, der vi mellom anna fann ein frosk.

Kart