Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Skarfjellenden

Dato:
09.08.2021
Distanse:
10,2km

Siste dagen på romsdalshelga tenkte eg å plukke eit par toppar rundt teltet. Men eg oppdaga ganske raskt at det var lite futt att i skrotten. Så det vart med Skarfjellenden, før eg gikk tilbake til teltet via den fine Alnesdalen, ein dal som har fostra storleikar som Karsten Alnæs og Frode Alnæs. Etter eit bad i elva tok eg turen til Stig-Arild, som har flytta til eit småbruk i Isfjorden. Han bydde på sjølvfiska fersk sei. Nam nam! Takk for no Romsdalen! Bratt og flott som vanlig!

Kart    

Blånebba og Mjølvafjellet

Dato:
08.08.2021
Turtype:
Fottur
Distanse:
10,2km

Dagen derpå turen til Store Trolltind var både eg og Erlend litt tomme. Det var litt snakk om ein kortare fjelltur, eller kanskje litt klatring på Hornaksla, men etter at Erlend fekk tenkt seg om over ein kanelbolle i Åndalsnes sentrum, hoppa han i teslaen og tusla seg heim til Trondheim. Eg hadde tenkt litt på at Blånebba kunne vere eit turmål, så eg køyrde til Venjedalen. Ikkje veldig mykje futt i kroppen i dag, men eg hadde god tid. Etter kvart kom motoren litt meir i gang, og det vart tilløp til småspringing bortetter romsdalsegga mot Mjølvafjellet. Deretter til Blånebba, med flott utsikt til gårsdagens turmål. Til slutt la eg turen innom Storhesten også, så slepp eg å sjå på den gråe nåla meir. Deretter softis og eit forsøk på å finne buldrefeltet på Skiri, noko >>>

Kart    

Store Trolltind via nordaustryggen

Dato:
07.08.2021
Distanse:
15,2km

Eg og Erlend har lenge tenkt oss på nordaustegga på Store Trolltind, men ting har ein tendens til å ta litt tid før det blir satt ut i livet. I mellomtida har jo denne ruta blitt instagramfavoritt, og tilogmed 71 grader nord har rusla opp ruta. Vel vel, om den ikkje kunne reknast som ekstremsport lenger så har den kanskje til gjengjeld ein god sti vi kunne følge. Nervøs som eg er var det mykje diskusjon om vinden dagen før. Men då laurdags morgon kom var værmeldiga gode greier, og det var berre å kome seg avgårde. Vi hadde avgang frå Soggemoen 7 blank. Anmarsj og utmarsj gjer jo dette til ein lang tur. No skulle det jo vere mogleg å finne vatn på Norafjell, men grunna den litt tørre sommaren hadde eg fyllt camelbacken min bra allerede frå bilen – her skulle det ikkje bli tomt >>>

Bispen og kongen

Dato:
06.08.2021

Etter ein sommar der eg knapt har vore utanfor tunet var det no duka for sjølvrealiseringsweekend. Eigentlig skulle eg hatt assistentpraksis på klatrekurs i Jotunheimen denne veka, men etter å ha rota meg heilt vekk i Norsk Fjellsportforum sitt omfattande byråkrati, utgikk praksisen, og eg måtte finne noko anna å bruke eigentida på i staden. Heldigvis kunne Erlando stille på kort varsel, og vi avtala romsdalshelg. Hurra! Eg kom til Trollstigen fredag ettermiddag i strålande vær. Sidan Erlend ikkje kom før til kvelden tenkte eg at det passa å krysse av eit par signaltoppar i mellomtida. Så eg pakka løpevesten og rusla mot Bispen. Fint opp hit, og møtte mange taulag på toppen. Stilt og varmt. Deilig med ferie gitt! Så var det Kongen då, den såg jo fryktelig bratt ut, og eg kom >>>

Kart    

Sætredalsfjellet og Fivelstadnibba

Dato:
03.08.2021
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
12,0km

Freelance-tur på ein tirsdag med Kroksleiven - valet fall på Sætredalsfjellet. Og då måtte sjølvsagt også Fivelstadnibba med. Underteinka klaga på tunge lår opp bakkane, og skulda på koronavaksine. Men det kan også ha vore bakkane si skuld - for denne turen hadde lange bratte bakkar i fullt monn. Først greit på sti opp frå Fivelstad til trimposten. Her opna den fine Sætredalen seg. Men vi skulle rett opp fjellsida mot Sætredalsfjellet - ein uendelig brattbakke av gras og lyng. Deretter litt klyving opp til Sætredalsfjellet sør, som baud på upåklagelig utsikt mot Hellesylt og stryn! Og greit bort på sjølve Sætredalsfjellet, med enda meir upåklagelig utsikt mot Slogen og kompani. Så heile bakken nedatt. Men vi var ikkje ferdige med det - Fivelstadnibba hadde ein nesten like >>>

Kart    

Kvamfjellet

Dato:
28.07.2021

Kart    

Meskredholten, Eggene og Trollevassnyken

Dato:
22.07.2021
Distanse:
12,5km

Moglegheit for ettermiddagstur, og skodde på sunmørsgrensa gjorde at eg såg til dei to listetoppane Eggene og Meskredholten. I dag var det berre desse som var skoddefrie. Gikk frå Lote og til Lotsskaret, så bratt men fint på mose og lav lyng opp til Meskredholten. Retur til Lotsskaret og greit opp til Eggene. Herifrå såg Trollevassnyken flott ut, og det hasta ikkje med å kome heim, så då tok eg med denne også. Litt bratt ruteval opp, men nedatt veldig fin og direkte veg. Returen la eg via Branden. Fin rås frå Branden og ned, men ellers ein god del offpist. Fin runde over to litt anonyme toppar. Tok eit bad i sjøen på Lote før heim til Taco.

Kart    

Rundt mosvatnet og lisjevatnet

Dato:
18.07.2021
Turtype:
Løpetur

Kart    

Ny juniortur til Lundavarden

Dato:
13.07.2021
Kart    

Skoddetreff på Råna

Dato:
11.07.2021
Turtype:
Alpintur
Distanse:
13,4km

Eg og Kroksleiven har hatt ein tradisjon om å få med oss ein kremtopp no og då, og etter at eg gjorde stårheimar av meg trudde eg at det kom til å bli kremtoppar i eit einaste renn. Slik vart det ikkje, for Kroksleiven har jo alt mogleg anna å holde på med: saude, fødestue for kalvar, diverse gravemaskinoppdrag, og ein deltidsjobb inn på Eid som han driv med. Altså ikkje heilt rett fram for ein freelance bygdeakademikar å få turselskap. Men etter å ha vore 4 dagar med familiefeiring på Union Hotell Øye – potte tett av forkjøling, var eg desperat etter tur. Yr melde overskya på morgenen, men stråålande sol på ettermiddagen, så vi sette kursen mot Råna. Det hølja ned gjennom Norangdalen, men det skulle jo lette. Likeeins regna det godt opp over Nordkopen. Men letna det >>>