Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Lang tur til Rindhatten og Bolmtrollhetta

Dato:
28.09.2019
Turtype:
Fottur
Distanse:
30,5km

Då eg var på Raudfjellet i vår tenkte eg at eg måtte få meg ein tur på Rindhatten der den såg så flott ut lenger inne i dalen. I dag var dagen. Glad som eg er i kart, hadde eg planlagt å raske med meg litt meir også, sidan eg var i området. På kart er livet enkelt. Ja så var det dette med kart då. Vel vel, eg køyrde til innerste parkeringsplassen ved Langvatnet, og fann ein flott sti innover dalen - meget godt tilrettelagt. Etter ei stund kom eg til eit stikryss der det var skilta mot Bolmtrollhetta og Kjerkholtsætra til høgre. Men det var jo ikkje dit eg skulle - eg skulle på Rindhatten først, før eg skulle harve over Bolmtrollhetta og Gaddfjellet (om eg gadd - haha) på veg tilbake. Så eg fortsatte rett fram. Fin sti til eg passerte ei hytte, så forsvann stien og det >>>

Kart    

Geitfjellet jogg

Dato:
22.09.2019
Turtype:
Løpetur
Turlengde:
1:00t
Kart    

Sunndal dobbel del 2: smisetnebba

Dato:
08.09.2019
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:31t
Distanse:
9,1km

Tilbake i bilen etter å ha rota rundt på Grøvelnebba tok eg ei kjapp vurdering av kråppen, og kom til at eg kunne prøve meg på Smisetnebba i det fine haustværet. Etter ein kort køyretur med konsumering av litt skjever stod eg på Smiset p-plass. Heile stien opp mot toppen låg i skuggen, men no låg primærfaktorskodda for tjukk til at eg kunne bry meg om detaljar som belysning. Eg har kjøpt meg sånn løpevest som dissa karane frå Molde har, og den måtte eg jo ha på meg opp her - sjølv om ambisjonen heller var å unngå krampe enn å halde maksfart. Veldig godt merka sti, om enn litt vått, opp bakkane. Løpevesten fungerte tilfredsstillande, sjølv om den kanskje ikkje revolusjonerte turlivet. Dei softflaskene på brystkassa gav meg ei sterk kjensle av å suge av eigne velfylte bryster, noko >>>

Kart    

Sunndal dobbel del 1: grøvelnebba

Dato:
08.09.2019
Distanse:
12,7km

Denne helga var det duka for store ting i Innerdalen! Eg skulle ha meg ein todagers, og planen var som følger. Søndag: køyre til Innerdalen, gå Grøvelnebba som oppvarming, så gå til Renndølssætra og telte. Mandag: tidlig start frå Renndølssetra, så gå heile driten rundt Renndalen, frå Snøfjellet til Kringlehøa, og returnere til bartebyen som fjellets milslukande Apollon. Første fartsdumpen kom allerede på Berkåk, då eg oppdaga at alt campingutstyret låg att i gangen heime. Gulp. Vel vel, då får eg ta inn på Innerdalshytta i staden. Andre fartsdump kom i Viromdalen, då eg køyrde PANG på ein fartsdump fordi eg stirra og stirra på fjella. Tredje fartsdump PANG! kom like etter. Veldig vanskelig å sjå desse fartsdumpane, særlig når ein ikkje ser på vegen. Fjerde fartsdump, >>>

Kart