Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Romsdalssamlinga 2017

Dato:
25.05.2017
Turtype:
Annen tur
Distanse:
7,0km

Det er vår, langhelg, og på tide med det som nesten har blitt ein tradisjon, nemlig Romsdalssamling! Vi ymtar frampå om at Åndalsnes er Noregs Chamonix - Åndalsnix altså. Hehe. Eg har masa om pilegrimsferden heile vinteren, men det var ikkje før våre venners venner som vi var på Gjevilvasshytta med i vinterferien tok affære at det vart kjøt på dei luftige tankane. Vi var fire familiar med stort og smått som booka oss inn på Mjelva camping. Kona skulle jobbe Fredagen, så Eskil bestilte togbilettar nedover torsdags morgen. Torsdag Svært lavt skydekke over Åndalsnix. Ein noko utfordrande start. Fredag Dritværet fortsette, og det var tendensar til brakkesjuke i campinghytta. Pow-wow mellom dei voksne. Intens studering av Yr, er det eit solgløtt på ettermiddagen? Kanskje, spørs korleis >>>

Kart    

Sportsklatring på Hell: Kaninartikler (7) mm.

Dato:
14.05.2017
Turtype:
Sportsklatring

Det er ikkje så ofte vi driv og klippar boltar her i familien. Men skal ein bli seig så må det til. Og tross alt: buldringa kring T-town er ikkje all verden, men sportsklatringa på Hell er jo faktisk ganske bra. Eg og Kona avleverte jr. på hytta til Svigers, og sette snuten mot Hell i fantastisk vårvær. Der gikk vi først nokon moderate saker, før eg prøvde meg på Kaninartikler (7). Sidan eg har klatra så innmari lite sport har eg faktisk ikkje klatra 7 før. Det gikk heller ikkje no. Etter eit par forsøk vart det berre verre og verre. Så overraska Kona med å sende tre firerruter på rappen på led: Edderkoppen, Pompel og Pilt. Ho såg avslappa ut og greier. Medan vi pakka tenkte eg at eg kunne jo gi Kaninartikler eit støt til. Vi hadde tatt ned slyngene, men eg kunne jo øve inn >>>

Kart    

Baklidammen-Geitfjellet-Stadsheia-Gråkallen

Dato:
13.05.2017
Turlengde:
2:15t
Distanse:
16,0km

Jau ja, endelig ein mild dag. Jammen kom man seg ikkje ut i dag også, og sannelig gikk ikkje barisalarmen også. Nydelig i fjellet og vårstemning. Såg ein orrhane og greier. Men kneet mitt murrar litt i nedoverbakkane. Det likar vi ikkje så godt.

Kart    

Harbaktur med kid'n

Dato:
06.05.2017
Turtype:
Buldring

Kona stakk til San Fransisco på konferanse. Eskil sa at vi kunne jo ikkje berre sitte heime og sjå på kvarandre heller, så med det fine været leigde vi oss rorbu på Harbak frå fredag til søndag. Her skulle sporty Pappa avslappa som han er ta med kid'n på tur til Fosens buldre-og-kystparadis. Eskil vart pakka i bilen i sovande tilstand fredag kveld, og det var grei skuring til Harbak. Dagen etter var det diverre skodde og duskregn over heile linja, med ein kald og sur vind. Etter ein god del utforsking av innsida av rorbua, ein tur på butikken, etc etc. så tok vi oss ein tur på buldrefeltet. I hellaren skulle det i det minste vere tørt. Litt surt her også, diverre. Men det er jo verdens største leikekasse av inntørka saudeskit, så det vart tatt godt opp. Etter litt mat sovna sonen, >>>

Kart    

Gråkallen og Stadsheia frå Byåsen

Dato:
01.05.2017
Turtype:
Løpetur
Turlengde:
2:19t
Distanse:
17,9km
Kart