Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Fartsprøve på Storebroren med venner

Dato:
15.07.2017
Distanse:
16,2km

Dette er ei klassisk runde på Hareidlandet, der ein hankar inn heile fire postar på Hødd Fjelltrim. I min barndom tok vi den frå Ulsteindalen, men med dei nye trimvegane frå Ulsteinvik er det overkomeleg å ta den frå Vik. Her sprang eg rett frå døra i barndomsheimen. Den ligg framleis øvst i byggefeltet, med nærfjella rett i ryggen. Klassikerstatusen til denne turen er ikkje berre grunna trimpostane. Her oppe har ein virkelig nydelig turterreng, med lav og fin vegetasjon og ei fantastisk utsikt over Sunnmørsalpane og heile ytre Sunnmøre. Dei moderate høgdeforskjelane og det kjekke terrenget gjer det til ein flott løpetur. Hadde eg ikkje tatt så mange selfiar på Storebroren hadde eg kome under to timar. Det får bli neste gong.

Kart    

Sist men ikkje minst (300m 5), Kårnyken sørveggen

Dato:
13.07.2017
Turtype:
Alpin klatring

Eg har lenge tenkt på om sørveggen på Kårnyken kunne vere klatrebar. Den er veldig flott, men steinkvalitet og sikringsmoglegheiter er alltid eit spørsmål. Denne sommaren hadde eg avtalt med Arve Stavø at vi skulle sjekke ut veggen. Tid og vær gjorde at vi stod i Ålfoten 10:30 i dag, med skiftande vær og regn i lufta. Dottera til Arve, Tuva (17), var også med og var gira på å teste alpinklatreskillza. Vi hadde uansett ikkje ambisjonar om dei tøffaste linjene i dag, og tenkte at vi heller fekk rekognosere litt. For å ha ein sjangs om å nå toppen valde vi formasjonen lengst til venstre i veggen. Den var kortare enn resten av veggen (men desto lenger anmarsj), og såg ut til å ha like artig klatring. Heldigvis var skogsvegen god å køyre langt opp, så vi sparte ein god del anmarsj. >>>

Dua

Dato:
11.07.2017
Turtype:
Løpetur
Distanse:
5,5km
Kart    

Blåsvednyken

Dato:
09.07.2017
Distanse:
10,7km

Kart    

Buldring i Haushellaren

Dato:
09.07.2017
Turtype:
Buldring

Skoddetreffet 2017: oddekloven og storkjelen

Dato:
08.07.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:30t
Distanse:
10,3km
Kart    

Til topps på Dovrefjell!

Dato:
05.07.2017

Kart    

Blåberga

Dato:
30.06.2017
Turtype:
Spasertur
Distanse:
2,9km

Eg har eit ganske ambivalent forhold til desse topplistene: på den eine sida synest eg ein skal gå fine turar heller enn ufine turar, men på den andre sida klarer eg ikkje å la listene vere heller. Eg er berre for glad i å samle, strukturere og loggføre. Vel, på første dag i sommareferien var planen å vaske leiligheita medan sonen var i barnehagen. Det er vel gjerne slike dagar ein endar opp på turar som denne. Fulgte hogstveg over hogstfelt eit godt stykke, før det vart litt vassing på slutten. Fikk selskap av 200 000 fluger. Er ein interessert i bringebær er det nok å jobbe med opp i her på seinsommaren.

Kart    

Motbakkefestival på Hovsnebba

Dato:
25.06.2017
Turtype:
Alpintur
Turlengde:
5:00t
Distanse:
6,0km

Etter gårsdagens trimtur i Innerdalen våkna eg i tilnærma god form i teltet mitt på tjuvcampen bak Teknisk Etat sitt utendørs lager av brukte brannslokningsapparat. Eg hadde hatt bjarte planar om Storkalkin i dag, men merka raskt (i det eg røyste meg) at det kanskje var noko ambisiøst. Eg slo opp på Peakbook-appen, og såg at stien til Hovsnebba byrja rett bort i vegen. Det er jo eit fjell eg har glodd på lenge, så eg gikk for den! Etter 2 polarbrød og ein kopp kaffi var eg klar! Stien var lett og finne - her var det ikkje mykje anmarsj å snakke om. Høgdemetera kom raskt og i rikt monn! "Lett" er jo eit relativt omgrep, og i Sunndalen er det få ting relativt lett. Denne turstien var ikkje akkurat handicap-tilpassa, for å seie det slik. Den sneik seg opp gjennom diverse >>>

Ein midtsommardraum på Sørøst-hjørnet

Dato:
24.06.2017
Turtype:
Alpin klatring
Turlengde:
14:00t

Etter ein travel vår med mykje jobb for heile familien vart det denne helga brøyta plass til klatrehelg! Etter litt om og men og sondering av omgangskrinsen av opptekne småbarnsfedre slo Pål Christian til på ein tur til Innerdalen. Etter særs ustadige værmeldingar landa vi på laurdagstur på ultraklassikaren Sørøst-Hjørnet på Skarfjell. Vi ankom Dalen parkering fredag kveld klokka 22, fylte sekkane med det aller mest nødvendige + litt til (for eksempel to tubar tannkrem!), og la i veg mot Giklingedalshytta. Skodda hang tungt over Innerdalen, og luftfuktigheta var særs høg, for å seie det slik. Men meldingane for morgondagen var supre, så humøret var godt. Då vi kom opp mot Giklingedalen klarna det opp, og morgendagens turmål stod svært klart for oss! Som nyslått Klub-medlem >>>