Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Til Estenstadhytta med Farfar

Dato:
19.11.2017
Turtype:
Spasertur

Farfar på besøk i Trondheim og fint vintervær. Eskil gikk nesten heilt ned igjen, og lo rått av folk som sklei på glatta.

Kart    

Opning av isklatresesongen 2017-18 på Kongsvollfossen

Dato:
11.11.2017
Turtype:
Alpintur

Det byrjar jo omtrent å bli tradisjon med sesongstart på Kongsvollfossen. Fekk med Arve og Mats. Stoppa på VPG for det aller mest nødvendige, før vi svusja opp i Drivdalen. God is, fint vær og god stemning. I dag prioriterte vi kos framfor frykt og ekstremsport. Først litt scrambling, så dei to første ordinære lengdene løpande, før eg fekk uttoppinga, som i dag var lett. Deretter retur, berre med stopp på Oppdal Bakeri for det aller mest nødvendige. Og ein nødstopp på polet for innkjøp av sterkøl. "Sterkøl er jo det aller mest nødvendige" meinte Arve.

Kart    

Ilsvika-Våttakammen kveldstur

Dato:
08.11.2017
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:38t
Distanse:
3,5km
Kart    

Storheia

Dato:
28.10.2017
Turlengde:
1:10t
Distanse:
10,4km
Kart    

Buldring på Høvringen

Dato:
22.10.2017
Turtype:
Buldring
Turlengde:
2:00t
Kart    

Stokkanhaugen-Estenstadhytta

Dato:
21.10.2017
Turtype:
Spasertur
Kart    

Walkabout i Taormina - Monte Tauro

Dato:
19.10.2017
Turlengde:
1:00t
Distanse:
0,5km

På jobbtur til Taormina, Sicilia. Eg hadde eit par timar å slå ihjel før bussen gikk til flyplassen, men sidan det var varmt i været (som seg hør og bør i syden) og eg ikkje hadde tilgang til dusj fikk det bli ein rolig tur. Eg rusla opp trappene til borga over byen. Porten var stengt, men det var berre å snike seg inn. Nydelig utsikt over byen og mot Etna. Etterpå vanka det is.

Kart    

Jobb-busstur på Etnas flanker

Dato:
17.10.2017
Turtype:
Biltur

Jobbtur til Sicilia, og då må ein sjølvsagt oppom Etna ein tur. Det vart diverre ikkje tur på toppen, men likevel facinerande og fin tur kring i vulkanlandskapet på dette virkelig flotte fjellet!

Kart    

Vassfjellet leverar

Dato:
14.10.2017
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
12,6km

Sidan kona skulle jobbe heile dagen for å skaffe brød og smør på bordet, måtte eg og Eskil sjå oss ikring etter andre planar denne dagen. Etter svært mange vurderte alternativ, fall vi på Vassfjellet. Vi parkerte på Melhus og la avgårde, vel vitande om det forvirrande terrenget som venta oss. Det er tydelig sti til Vassfjellet. Problemet er at det er stiar over alt, og masse masse skilting - men ingen skilt mot Vassfjellet. Her har eg gått meg vill før . Denne gongen gjekk det bedre enn sist, og det vart berre ei lita gerilja-sløyfe over ei gjennomsnittleg klissjblaut trøndermyr, medan vi håpa at ingen tok oss for ei elgku med ein liten kalv på ryggen. Opp Kastbakken merka eg at dette ikkje gjekk veldig lett. Enten har Eskil blitt betydelig tyngre sidan fjordårets bæremeisbonanza, eller så har eg gått gjennom >>>

Kart    

Elgsethytta

Dato:
08.10.2017
Turtype:
Spasertur

Rusletur på Elgsethytta. Då Eskil sprang nesten heile vegen tilbake til bilen fann eg ut at det var på tide han fekk eigen konto.

Kart