Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

På slep opp Tilleråsen

Dato:
05.03.2016
Turtype:
Isklatring

Tur til Tilleråsen med Mats. Han tok stort sett ledertrøya i dag, og jogga først opp "Den andre i midten". Nydelig rute med masse spennande klatring. Diverre har all snøen gitt varierande iskvalitet. Start opp hjørnet på snø og is, opp formasjonar til høgre, spennande men med gode moglegheiter for stemming etc. Så ut på den fritthengande søyla frå god hylle. Delikat og supereksponert opp søyla (ingen skruar her!), så på roten is og snø inn i diederet over søyla (god sikring i busk). Litt vertikal snømåking før overraskande bratt sisteopptak til toppen. WI5 i dag (og pga søyla vil eg gjette at denne stort sett er WI5 då desse linjene sjeldan er veldig feite), 50m. Plassering for sikrar i botnen av ruta er utsatt, og ein bør vurdere å klatre opp under overhenget >>>

Kart    

Tilleråsen isklatring

Dato:
21.02.2016
Turtype:
Isklatring

Eg har lenge vore gira på å sjekke ut isklatringa på Tilleråsen. Eg fekk med meg Pål Christian, som hadde skapet bre-fullt av ubrukt breutstyr. Mykje frysing og tining i det siste skulle berge for gode forhold, og det såg slettes ikkje verst ut! Tillerpillaren var ikkje i nærleiken av å botne, men for den som ønsker kan ein snike seg opp is på høgresida. Mix-starten såg også underholdande ut. Etter kjapp gjennomgang av grunnkurs isklatring gjekk vi laus på "Den til høgre"/"Right icefall"/? (WI3+). Eg merka kjapt at eg har leda lite denne sesongen, for eg skalv meg opp issvaet. Noko stressa sette eg halvvegs hengande standplass under cruxet. Pål Christian fulgte etter i god stil, og byrja allereide å spørje om kva sånn kult isklatreutstyr kosta. Bratta såg >>>

Geitfjellet kveldstur med snømåking

Dato:
08.02.2016
Turtype:
Løpetur
Turlengde:
2:30t
Kart    

Tøftfossen

Dato:
31.01.2016
Turtype:
Alpin klatring
Turlengde:
6:00t

Det er vanskelig å konsentrere seg om søknadskriving på jobb når tankane ligg att i eit bratt juv i Drivdalen. Skitt la gå - eg må nytte min akademiske fridom til noko. Eg skriv turrapport. Med fersk familieauke har det ikkje vorte så mykje isklatring denne sesongen, men denne søndagen fikk eg og Andreas troppa saman ein liten ekspedisjon til Drivdalen superklassikar Tøftfossen (150m, Wi4). Det vart alpin start frå Trondheim klokka 6. Til vår forskrekkelse oppdaga vi at bensinstasjonane langs E6'en ikkje hadde opna (=ingen kaffi). Ein kan lengte tilbake til New Hampshire av mindre. Men dette gjorde at vi var nokolunde raskt på plass ved Drivstua (etter den obligatoriske svippturen oppom Dovre etter å ha køyrt forbi målet). Termometeret viste -6, og det vart varmt opp gjennom småskogen. >>>

Elgseterhytta og Gråkallen i snøfokk

Dato:
17.01.2016
Turtype:
Løpetur
Kart    

Stadsheia og Gråkallen

Dato:
14.01.2016
Turtype:
Løpetur
Turlengde:
1:30t
Kart    

Eskilruta på Blyberget

Dato:
11.01.2016
Turtype:
Miksklatring

Eg og Andreas hadde sjekka ut moglegheitene for litt bynær miksklatring på Blyberget i førre veke. Som fersk småbarnsfar har eg litt avgrensa aksjonsradius, så interessa for lett tilgjengelig cragging hadde auka. Veggen ovanfor gangvegen på Blyberget ved Theisendammen er mellom 5 og 15 meter høg, med oppsprekt stein og noko is her og der. Kunne dette vere noko? I førre veke prøvde vi oss på ei miksrute ved den største istappen i veggen. Gode hooks men bratt og noko kreativt sikra i byrjinga. Etter litt topptauing beslutta vi å kome tilbake ein seinare dag for eventuell leding. I dag gikk den. Etter eit par runder på Theisendammen som oppvarming sende vi begge ruta på naturlige sikringar. For det meste drytooling på venstre sida av isen, med litt hjelp av isen lengst oppe. Ingen >>>

Storheia

Dato:
10.01.2016
Turtype:
Løpetur
Turlengde:
1:30t
Kart    

Mixcragging på Blyberget

Dato:
07.01.2016
Turtype:
Miksklatring
Kart