Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Iscragging på Øysand

Dato:
29.12.2015
Turtype:
Isklatring

Orkdal: Våvasslifjellet - sesongstart på ski

Dato:
27.12.2015
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
2:00t

Det er endelig snø og kuldegrader i Trøndelagen. Eg leita fram fjellskia frå tre års dvale og drog mot Snillfjord for å teste føret. Sidan eg var litt sein ut av redet i dag vart det ein kortare tur. Parkerte på Sætergarden P-lomme, der termometeret leste -8 grader. Eg satsa på ei blanding av blå swix og tre år gammalt klister, og labba oppover vegen mot steinbrotet. Kom opp ei skulder over steinbrotet der det var like mykje frosa myr som snø. Det funka fint ei stund, til siste bratta. I staden for å gå rundt, tok eg av skia og gjekk opp ei renne til venstre for den tydelige hammaren. På toppen bles det friskt, og det var nydelig og klar vinterluft, kanskje 10-15 minusgrader. På veg ned gjennom skogen vart det rimelig tydelig at eg ikkje er heilt inne i fjellskikøyring. Noko varierande >>>

Kart    

Storheia

Dato:
25.12.2015
Kart    

Orkdal: Omnfjellvarden på skarp skare.

Dato:
23.12.2015
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:00t

Ny dag i Trondheims nærområde. I dag stod Omnfjellvarden for tur - ein topp med fristande primærfaktor i eit område eg ikkje har vore før. I grålysninga køyrde eg fast bilen i stålskaren på Langlidalen parkeringsplass. Eg håpa at plussgrader ut etter dagen kunne bedre sjangsane for å få den laus, så eg luska avgårde oppetter myrane utan å gjere noko meir med det der og då. Det var skare som for det meste heldt vekta, men som var veldig glatt til tider. Merkinga var god, men på særtrøndersk vis noko usamanhengande. Eg mista raskt stien, og sikta meg inn på ei litt meir direkte linje mot toppen. Nett då eg kom opp på topp-platået stod sola opp i sørvest (som den gjer i Trøndelag, i motsetning til andre stader). Nydelig fargespel og ei fantastisk utsikt, særlig nordover. >>>

Stjørdal: Forbordsfjellet - utforsking av traffikert fjell.

Dato:
20.12.2015
Turtype:
Spasertur

I serien "bynære kremtoppar" var tida no kome til Forbordsfjellet. Det ligg fritt til på Stjørdal, og eg tenkte at her måtte det vere flott utsikt! Eg og Svigerfar Magne skulle hente ved på Skattval denne helga, og med dårlige meldingar i det meste av midt-noreg måtte dette vere passelig helgeunderholdning. Vi parkerte i ein sving der det var skilta til Forbodsfjellet. Vegen gjekk lenger, men dette stemte bra med denne turrapporten. Ingen vits i å gjere turen kortare enn nødvendig. Granskogen hadde eit overraskande komplisert vegnett, men det var tydelige blågrå merker og skilt. Etter kvart tok vi av frå skogsvegen og gjekk strake vegen bratt opp under monstermastene til toppen. På toppen vart det kaffi, og vi konkurrerte om kven som kunne navngi toppane ikring oss med størst >>>

Kart    

Tikneppen klatrefelt

Dato:
19.12.2015
Turtype:
Klatring
Kart    

Storheia

Dato:
06.12.2015
Turtype:
Løpetur
Turlengde:
1:00t
Distanse:
8,5km
Kart