Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Kristian og Erlend gjer seg erfaringar i fjellet:Tårnfjellet

Dato:
29.11.2014
Turtype:
Alpintur
Turlengde:
12:00t
Distanse:
20,0km

Alpinskulen dreg på vinterkurs til Kiæmpers Fædreland - Noræg. Plassert i flatlandet i Boston har eg nytta tida til å ruse meg på alpinbøker og tenke på fjellet. Forventningane og koffertane var difor tunge når vi skulle på noregsferie desse to siste vekene i November. No gikk noregsoppholdet mot slutten. Været hadde vore fint og eg hadde fått lufta meg mykje, men det mangla liksom prikken over den alpine i'en. Min norske turmakker erlando (Erlend Hassel) hadde vorte storklatrar sidan sist, med bestigningar av vestlandske klassikarar som Romsdalshorn, Juratind og Søraust-Hjørnet på Skarfjell. Vi heiv oss entusiastisk inn i planlegginga, og forslag på forslag vart vege og funne for lett. Vi landa på traversen Tårnfjell-Tåga. Klatringa her skulle vere grei samstundes som det er seriøst nok til å >>>

Hasundhornet ad Klogylet

Dato:
22.11.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:00t

arntfla (Arnt Flatmo) har jo omtrent skrive læreboka i bratte tilsnikingar på Ytre Søre. I dag tenkte eg å prøve meg på direktevegen til Hasundhornet via Klogylet. Det var noget sleipt oppover, og mykje buskas. Men når ein kom så langt opp at vegetasjonen vart lavare og ein kunne gå opp på ryggen ved sidan av renna vart det riktig så fint. Kanskje 50 grader på det brattaste, nokre få klyveopptak YSD 3. Potensielle mixlinjer i rennene og ryggane sør for Klogylet ved litt is og snø (foretrukken anmarsj vil då vere frå toppen og ned Klogylet. Klogylet sjølv kan kanskje vere ei fin skinedkøyring for den dristige? Tilbaketur ned flanken mot Alvehaugen, og runda av mot Strandabøen og busslomma på Hasund-avkjørsla der bilen stod. Dette var dagens crux og reint gaupeterreng.

Kart    

Skolma

Dato:
21.11.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:00t

Pen tur på Skolma i meget pent vær. Tilløp til peakbook-treff på toppen då vi oppdaga at den sagnomsuste toppsamlaren otto (Otto Lund) hadde hatt dagens einaste besøk på toppen tidligare same dag.

Kart    

Åleine i Sunnmørsalpane

Dato:
20.11.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:30t

Kva er det med fjellet? Kvifor kjennest det som vel anvendt tid å vase kring i skodde og glatt ur medan Kona ligg under dyna og Far les avisa? Eg undra meg over dette opp bakkane mot Skårasalen. Været hadde vore så fint, men no hadde det tetna heilt til. Det gjorde ingen ting - stien var godt merka. Som venta var det god plass på toppen. Utsikta herifrå skal vere fantastisk. Eg hadde gledd meg til den, men det gjorde ikkje mykje at den uteblei. Er det kjensla av elementa, av å mestre desse? Eller er hovudet vårt inretta på å reagere positivt på villmarka, som restar av eit gammalt jeger-og-sankar-instinkt? Ålmengyldig ser det ikkje til å vere, men overraskane mange fortapar seg i den noko meiningslause aktiviteten som friluftsliv kan seiast å vere. Eg åt litt av nista medan eg håpa >>>

Kart    

Kiberget

Dato:
19.11.2014
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:30t
Kart    

Paa giengrode stier

Dato:
18.11.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:00t

Noregstur og på gjengrodde stier i min barndoms fjellheim. Rett over fjorden låg Sunnmørsalpane, men Far og meg holdt oss mest på heimøya sine runde toppar og vidder. I dag gjekk turen til dei to høgste fjella på øya, Blåtind og Kongsvoll, via øyas einaste egg, bukketrappa. Blikkstille novembervær. Få å sjå på fjellet ein tirsdags formiddag. Fred i sjelen, for å seie det slik.

Kart    

Gründerstemning på Veten Klatrefelt

Dato:
17.11.2014
Turtype:
Klatring

Flø er lizzom Lofoten på Hareidlandet. Å kalle vestveggen på Veten for eit klatrefelt er kanskje å tøye det litt, sidan det ikkje har vore klatra her før. Men det bør det! Her er masse moglegheiter for trad-linjer, særlig i midtseksjonen der klippa er brattast og ura er høgast. Her er det både korte og lange, bratte og mindre bratte potensielle linjer. Resten av klippa er noget overgrodd. Eg kravla meg opp ei 15-20 meter rute her, ca 70 meter til høgre for brattseksjonen. Kona hadde gløymt klatreskoa i Junaiten (berre tatt med isklatreutstyr - ambisiøs type), så ho sikra. Dei første 7-8 meterane var fin klatring i eit rissystem. Resten var meir forgløymelig, men det kan finnast lenkjer til ei linje som går heilt til topps her. Ruta er døymt Go With the Flø (4/5) og er markert >>>

Miks og mask på Farley

Dato:
08.11.2014
Turtype:
Klatring
Kart    

Walnut jogg

Dato:
06.11.2014
Turtype:
Løpetur
Turlengde:
1:00t
Distanse:
9,3km
Kart