Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (6)
- Ekspedisjon (2)
- Fisketur (1)
- Annen vintertur (1)
- Fottur (211)
-
Kjøretur (4)
- Biltur (4)
-
Klatring (169)
- Alpin klatring (27)
- Buldring (25)
- Isklatring (46)
- Miksklatring (7)
- Sportsklatring (8)
-
Skitur (72)
- Fjellskitur (19)
- Langrennstur (2)
- Randonnée/Telemark (38)
- Sykkeltur (1)
"Peakbookvenner"
Favoritturer
Favorittopper
Storskredfjellet
- Dato:
- 17.08.2023
- Distanse:
- 11,7km
Endelig dagen for storskredfjellet. Tok av oppover mot Åning og vart overradska over ei heil bygd opp i bakkane. Parkerte ved det gamle murhuset ved veis ende. Hadde lest om parkering 40kr, men lurte litt på om det eigentlig budde nokon her. Men høyrde så vidt TVen stå på inne. Ringte på, og ut vindauget kom Jon Åning. Han slo av ein prat, og set pris på om ein ringer på og spør om parkering så han har litt oversikt.
Sjølv med grundig rettleiing frå Jon om stien så mista eg denne raskt, og enda i litt bratt bushing. Men eg fann den att lenger oppe, og herifrå var det lett å finne vegen vidare. Opp ryggen ved breen var det merka og veldig kurant. Deretter grei skuring heilt opp. Eg er litt usikker på om raudnåla står på rett plass, for det ser jo veldig ut som nordpynten >>>
Olina på lundavarden
- Dato:
- 31.07.2023
Livet er fullt av store og viktige overgangar. Barnet tar sine første steg, lærer å snakke, ungdommen får sin første kjæreste, flyttar heimanfrå, går sin første 7A. Dei vaksne klarer ikkje lenger å perse i klatring ved ny sesong. Dei gamle legg inn årene. Alle er hendingar som markerer viktige vasskiljer i livet.
Lundavarden er ei slik hending. Når ein klarer å fote seg på lundavarden aleine er ein eit menneske som kan flytte seg over rimelig avstand for eigen maskin. Det er stort - ikkje minst for dei vaksne.
I dag var dagen då Olina skulle innlemmast i rekkene av autonome personar. Heile familyen gikk med godt mot frå parkeringa, der målet var toppen, samt å plukke molter. Det fikk vi gjort i rikt monn. Eg og Eskil plukka, medan Mari og Olina gikk taktfast mot varden. Vi møttest >>>