Oppdalshelg (26.01.2026)
| Andre besøkte PBE'er | Hesthåggån isklatring (745moh) | 26.01.2026 22:42 |
|---|---|---|
| Kongsvollfossen (1270moh) | 26.01.2026 22:42 | |
| Hengis/Pensjonisten (705moh) | 26.01.2026 22:42 |
Helg på Oppdal for å klatre litt is med Pål Christian og Aslak. Den stabile kulden over sørnorge gjorde at eg aldri har køyrt forbi så mykje is for å klatre is før.
Eg seier det som det er: isklatring har aldri blitt heilt det samme for meg. Etter å ha hatt veldig oppdrift på dette for ein ti års tid sidan har eg ikkje heilt klart å finne samme gleden. Meir usikker og meir nervøs. Så dette er jo også eit forsøk på å finne tilbake til det som var noko av den artigaste klatringa eg visste om - ta det litt ned og gå litt moderate morsome ting. Tidlig i januar hadde eg tre turar på is, og det var kjekt. Så no var forhåpningane der!
På Oppdal var det dritkaldt. -23 over dovre fredag kveld, og -18 i drivdalen laurdag morgon. Aslak skulle ein tur på ski. Eg og PC stakk til TV-fossane. PC tok første lengde, som hadde bygd seg bratt og fin. Men knallhard is. Eg gikk vidare og sleit med økser som sette seg fast i isen og fandens oldemor. Psyka ut på den bratte toppen og pressa meg gjennom eit hol på høgresida og kom meg rundt og opp ein litt lettare veg.
No var vi ganske kalde, men vi tok første lengda på venstre TV-foss også før vi avslutta dagen. Kjente at kulden hadde tatt ganske solid på.
Dagen etter drog vi til Drivstua. Like kaldt i dag. Gikk til Drivstupjuska - den såg veldig fin ut. Først tok PC ein kort introis opp til hovedisen, som eg tok. Sprø og hard is i dag også, men veldig fin klatring. Siste to metera var det smøris! Ikkje eit sekund for tidlig. Då vi kom tilbake til bakken var vi så kalde at vi rett og slett tok dagen.
PC køyrde heim til Trondheim, medan eg og Aslak hadde ein dag til. Då var det Kongsvollfossen. Kaldt igjen, men her kan ein iallefall gå seg varm på anmarsjen. Mildare i høgda. Fossen hadde bygd enormt. Tok den i 5 lengder, der vi vekselleda tok litt oppsøkande klatring. Avslutninga var bratt i år, men den tok Aslak med imponerande kontroll og oppdrift, til tross for at han er ganske ny på isklatring. Toppa ut i sola, før det vart glissande tilbake til bilen, 6.5t bil til bil.
Ganske kjørt i kropp og sinn etter tre dagar med solid kulde og knallhard is. Var ikkje veldig mykje som kjendest bekymrinslaust og avslappande akkurat. Kanskje eg berre må venne meg til at dette ofte er litt type 2 :-P Men kjekt med (relativt) masse klatring og påfyll på erfaringsbanken. Takk for turen Pål Christian og Aslak.





Kommentarer
Oppdal så klart!
Skrevet av SturlaS 30.01.2026 07:48Artig å se at du fortsatt husker trøndelagens iskatreindrefilet. Og som vanlig høykvalitets og leseverdig CR.
Drivpjuska var ukjent. Den må jeg se nærmere på. :)
Sv: Oppdal så klart!
Skrevet av kobbenes 02.02.2026 08:47Kjekt å treffe gamle trondheimsvenner. Og så er det kjekt å ha heile drivdalscragget rett utanfor hyttedøra så ein kan velge og vrake når ein først har satt av helga :-)
Her må det delast ut
Skrevet av Affen 29.01.2026 10:14Kudos! Både for ærleg framstilling av sinnstilstand og vegring, og då også for desto djervare gjennomføring. Eg sit heime med rustne skruar, og lurer på om det er slik at I'm too old for this shit. Er vel straks 10 år sida eg var på vertikal is. Det var vel gjerne Kongsvollfossen om eg huska rett.
Side-note: Kudos også for Oikos! Ivrig lyttar
Sv: Her må det delast ut
Skrevet av kobbenes 02.02.2026 08:49Takk og takk!
Ja eg har ingen grunn til å spele tøff :-P Noterer meg andre her på peakern som dunkar opp den eine bratte linja etter den andre, og eg tenker med meg sjølv at det der trur eg ikkje at eg har i meg - sjølv om eg kunne ønske.
Så trivelig at du likar podkasten! Det set eg veldig pris på - det er så og seie eit frivillig idealistisk prosjekt, så det betyr mykje at folk lyttar og set pris på :-)