Sporlaus på Knektevasshytta (31.05.2023)


Turtype Klatring
Kart
Andre besøkte PBE'er Sørdalsvatnet p-plass (270moh) 31.05.2023 18:32
Knekkevasshytta (470moh) 31.05.2023 18:32

Eg har lenge lenge ønska å sette kilane i sandsteinen i Ålfoten. Men eg har berre ikkje fått ut fingeren. Før i dag. Knektevasshytta DNT-hytte har fin sti og ein fin vegg like ved. Her skulle det vere lett tilgjengelig og fin klatring. Aslak var nyfrelst og hadde flunkande nytt utstyr - han var lett å be.

Meldingane var mildt sagt av det mindre fordelaktige slaget. Ålfoten er noregs våtaste plass. Bygene tromma mot frontruta - men Yr sa det skulle blikke opp utover dagen.

Nedbøren gav seg, men det var likevel ein søkkvåt vegg vi såg frå Knektevasshytta. Eg nytta kikerten for å sjå om det tørka, og til slutt klara vi ikkje vente meir. Her måtte det klatrast.

Vi gikk mot ein høveleg høg og passe bratt/slakk del, og såg etter nokon formasjonar. Lenger oppe var tørken i gong, men botnen var framleis våt. Vi klyvde oss opp ei hylle, og Aslak tok leiinga.

Han fekk seg ein ilddåp på fjellklatring, med vått fjell og slimete sva. Det er framleis ein del triks ein ikkje lærer på klatresenter. Linjeføringa vart deretter, og vi kom oss ikkje opp i dei fine diedera vi hadde sett på. Men Aslak støta på og kunne rope standplass etter ein liten time. Første lengda klokka inn på ein bra firar i dagens våte forhold. Truleg ein god del enklare om det var tørt.

Neste del var brattare, men også tørr. Rett opp frå standplass, utrulig lækker stein! Litt delikat sikringsarbeid. Meget fornøyelig - kanskje på nedre 5-tal! Så opp på ei stor hylle framfor eit nytt vått riss. Det skulle Aslak få.

Han kom seg opp med eit primalskrik, og toppa ut veggen. Meget nøgd. Kort sistelengde - kanskje 10 m og ein firar.

Vi såg utover landskapet kring Svelgen. Første gongen eg var her var heile skogen død av sur nedbør frå jernverket. No surra vindturbinane på andre sida av fjorden. Kring oss låg det skrot frå vasskraftutbyggingane, og om vi mysa tilstrekkelig gjennom skodda kunne vi sjå føre oss den nye jernvegen som er røyst opp framsida av Hornelen. Så mykje har menneska rekt å gjere berre på nokon tiår i desse formasjonane som har vore her i 360 millionar år (altså dobbelt så gamle som dinosaurane). Det vi nett hadde gjort - klatra opp veggen, var utan spor. Hverken på kort eller lang sikt. Utan at opplevinga var redusert av den grunn. Kanskje heller motsett.

For ikkje å snakke om at andre kan kome etter oss å oppleve den samme væren i fjellet som vi hadde i dag.

Vi kalla ruta "sporlaus". For det sporlause friluftslivet.

Takk for turen Aslak!

Ein brøkdel av veggen
Ein brøkdel av veggen
Sko må ein ha
Sko må ein ha
Uttopping
Uttopping
Ruteinfo. Finare linjer enn denne på veggen, er berre å velge
Ruteinfo. Finare linjer enn denne på veggen, er berre å velge

Kommentarer

  • -
    avatar

    Nybrotsarbeid - hurra!

    Skrevet av SturlaS 01.06.2023 08:39

    Gratulerer med ny rute og godt navn!

    Blaute riss og slimete sva bygger karakter :)

    • -
      avatar

      Sv: Nybrotsarbeid - hurra!

      Skrevet av kobbenes 01.06.2023 09:45

      takk for det! skal ein vente til det er tørt får ein aldri klatra :-D

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.