Blåøret og Brattskarven (23.02.2023)


Distanse 23,2km
Høydemeter 1255m
GPS
Bestigninger Blåøret (1604moh) 23.02.2023 15:54
Brattskarven (1579moh) 23.02.2023 15:54

Vinterferie på hytta til Erlend og Anne på Skaravatnet. Etter fjordårets suksess på Svahøa planla eg og Erlend ny fjellskitur i år. Denne gongen til Blåøret - ein topp eg ikkje har klart å kome meg på før, til tross for mange år som trønder.

Litt blanda værmeldingar, men avgang frå hytta litt over kl. 9. Fint føre. Då vi kom opp i høgda var det lettgått. Erlend var i storform, så her var det berre å henge seg på.

Vi måtte jo innom Brattskarven først. Her oppe var det kuling, dårlig sikt og rimelig ufyselig. Det vart fram med GPSen og vurdering av situasjonen. Ned i søkket bak Brattskarven løya det, og vi gjekk mot Blåøret, som enda såg ganske ruskete ut. Men det skulle jo letne litt utover formiddagen.

Det gjorde det, og vi fikk tilogmed ei kort lunchpause bak varden. Superdupert!

Deretter var det berre å gli tilbake mot skaravatnet. Deilige store vidder og vid utsikt. På tampen vart det tilogmed pudderkøyring i bjørkeskogen.

Takk for turen Erlend!

Starttidspunkt 23.02.2023 09:46
(UTC+01:00)
Sluttidspunkt 23.02.2023 15:36
(UTC+01:00)
Totaltid 5t 49min
Bevegelsestid 4t 51min
Pausetid 0t 58min
Snittfart totalt 4,0km/t
Snittfart bevegelsestid 4,8km/t
Distanse 23,2km
Høydemeter 1255m

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.