Stårheim ski (25.04.2022)
Bestigninger | Blåfjellet (828moh) | 25.04.2022 15:53 |
---|---|---|
Lundavarden (769moh) | 25.04.2022 15:53 |
Opprinnelig plan var at Kjartan ville sjekke ut skikøyringa i Stårheimsdalen. Men eg slo frampå om at vi heller kunne bruke fineværet til å gå på Eidskyrkja.
Då morgonen rann låg skodda i toppane - men ingen av oss ville avlyse kyrkjeturen. Heldigvis oppdaga Kjartan at fellane låg att heime når vi stod på parkeringa.
Så då vart det tilbake til plan A. Vi hadde jo eigentlig tenkt å ta med oss ALLE toppane i Stårheimsdalen denne dagen (neida, jada, neida), men no var det jo allerede langt på dag, og eg skulle hente i barnehagen. Så då vart det Heimste B og Lundavarden.
No var snøen så gjennomvarma at vi kunne køyre stort sett over alt (der det framleis var snø), så då vart det halfpipen ned frå Heimste, og brattlinja ned mot Orheimsbotnen.
Dette vart nok siste turen i dalen på tampen av ein svært god lokalskisesong.
Takk for turen!
Starttidspunkt | 25.04.2022 10:56 (UTC+01:00 ST) |
Sluttidspunkt | 25.04.2022 14:38 (UTC+01:00 ST) |
Totaltid | 3t 41min |
Bevegelsestid | 2t 28min |
Pausetid | 1t 12min |
Snittfart totalt | 2,6km/t |
Snittfart bevegelsestid | 3,9km/t |
Distanse | 9,6km |
Høydemeter | 1005m |
Kommentarer
"Kyrkjeturen"
Skrevet av Eikås 03.05.2022 22:09Kjennast kjent!! :)
Sv:
Skrevet av kobbenes 03.05.2022 22:35haha, godt å ha nokon unnskyldingar å ty til då :-D