Mot Middagsfjellet (03.12.2021)
Andre besøkte PBE'er | Skitnesetervegen/E39 p-plass (300moh) | 03.12.2021 20:39 |
---|
Beinstrekk på veg heim frå Trondheim i det flotte vinterværet. Kor mange gonger har eg køyrt over her og tenkt på alle toppane eg skal gå på om eg berre får køyre turen aleine. I dag var dagen komen.
Men høg skredfare hindra meg i den mest vidløftige planlegginga, så eg tenkte at Middagsfjellet kunne vere ein passelig sak.
Det vart imidlertid raskt klart at føret var tungt. Lite mat i magen, enda mindre mat i sekken, og akutt muskelsvinn i låra gjorde at unnskyldingane stod i kø oppover bakkane. Berre såvidt eg klarte å nyte den fantastisk flotte utsikta!
Men eg måtte faktisk gi meg på det. Neste gong skal eg ete TO pølser på ferga før eg begir met ut på noko slikt. Så då var det berre å renne nedatt og vende nasen heim, berre avbrote av ein tur innom UTE for det aller mest nødvendige (etiopisk kaffi og kanelbolle, samt hurtigtest på apoteket).
Starttidspunkt | 03.12.2021 13:01 (UTC+01:00) |
Sluttidspunkt | 03.12.2021 14:50 (UTC+01:00) |
Totaltid | 1t 49min |
Bevegelsestid | 1t 28min |
Pausetid | 0t 20min |
Snittfart totalt | 3,0km/t |
Snittfart bevegelsestid | 3,6km/t |
Distanse | 5,4km |
Høydemeter | 457m |
Kommentarer
200 meter til den grønne nål
Skrevet av TERJES 04.12.2021 02:43Tøff tur i tungt føre. Men jeg ser av sporet ditt at du var kun 200 meter fra den grønne nåla på Egga (698 moh) Hadde du kjempet deg opp den siste motbakken ville kanskje det akutte muskelsvinnet blitt reversert? God helg!
Sv: 200 meter til den grønne
Skrevet av kobbenes 04.12.2021 08:08ja huff, dette var ein tabbe eg ikkje var klar over før eg såg på kartet! det ville heilt klart hatt muskelregenererande effektar :-D