Rundt hoven (18.06.2021)
Bestigninger | Årheimsfjellet (1007moh) | 18.06.2021 14:24 |
---|---|---|
Skredfjellet (1155moh) | 18.06.2021 14:24 | |
Staurinibba (1379moh) | 18.06.2021 14:24 | |
Hoven (1011moh) | 18.06.2021 14:24 | |
Andre besøkte PBE'er | Holme parkering (280moh) | 18.06.2021 14:23 |
Strålande meldingar, og etter halvannan måned på heimekontoret var eg gira på ein skikkelig tur. Måtte bli til Stryn ettersom eg omtrent ikkje har gått på fjellet her før. Ettersom eg var usikker på kor mykje snø som låg att gikk eg for å sjekke ut området kring Hoven. Planen var som vanlig ambisiøs - her skulle det ikkje vere att mange raudnåler når dagen var ferdig!
Skodda låg rundt toppane, og det strålande sola uteblei. Eg gikk for Årheimsfjellet først, og deretter over Skredfjellet. Veldig til nivå på stiane her i området. Her kan ein ta nesten heile runda på elsparkesykkel om ein vil.
Over skredfjellet gikk eg stort sett i skodde og regn, så eg tenkte eg kunne gå nedom turistattraksjonen og ete niste og vente på finværet. Her var det ingen cafe å slå seg ned i, berre ei suvenirsjappe og ein resturant som eg nok var for skjeten til å sleppe inn på. Men eg fekk i allefall med meg to karar som hoppa utfor stupet i sånne flygande-ekorn-drakter før dei susa under gondol-bana. Dei om det.

Skodda gav seg ikkje, og det var berre å konstatere at Yr hadde bomma. Men Staurinibba skulle jo vere gangbar. Særs dårlig sikt opp i her, men så lenge ein holdt seg på sherpatrappa gikk det stort sett bra. Sånn sett var vel dette kanskje einaste turen ein kunne gått i høgda i dag.
Deretter var det strakaste vegen ned annleggsvegen tilbake til parkeringa, før eg gikk meg på eit nytt par italienske sko på Stryn.
Milde måne det er fint i Nordfjord! Trur eg må få meg ei slik t-skjorte.

Starttidspunkt | 18.06.2021 09:52 (UTC+01:00 ST) |
Sluttidspunkt | 18.06.2021 14:19 (UTC+01:00 ST) |
Totaltid | 4t 26min |
Bevegelsestid | 4t 01min |
Pausetid | 0t 25min |
Snittfart totalt | 4,9km/t |
Snittfart bevegelsestid | 5,4km/t |
Distanse | 21,5km |
Høydemeter | 1524m |
Kommentarer
Grus-somt
Skrevet av boven 18.06.2021 23:43Eg hadde tilbod om gratis tur med gondolen til Hoven og middag.....akkurat ja. "På Stryn" - omtrent som å seie at du var på Oslo.
Du kan nok gjøyme deg vekk i Indre Nordfjord berre du styrer unna denne og Skåla. Snakk med naboane og du får grundig innføring i ruter og oppganger der ingen går.
Sv: Grus-somt
Skrevet av kobbenes 19.06.2021 07:31eg ser stort sett ingen andre på turane mine (på denne turen løyste eg det med tett skodde), men eg er nok ikkje så folkesky som andre eg kjenner. eg ser jo korleis dette er til glede for mange. det viktige er at det er stramt regulert, og det er der bekymringa mi ligg.
Sv: Grus-somt
Skrevet av kobbenes 23.01.2022 22:35andre bekymringar kan eg jo legge att på stryn ;-)