Nibba (01.04.2021)


Distanse 10,3km
Høydemeter 709m
GPS
Bestigninger Nibba (823moh) 01.04.2021 15:28

Etter å ha avlagt Karlskaregga eit besøk la vi i veg mot Nibba. For å kome til foten må ein navigere seg forbi nokon vatn, og dette vart litt offroad i buskas og myr. Skodda sende oss nesten tilbake mot bilvegen, men heldigvis var vi utstyrt med det nyaste av orienteringsteknologi, som vi etter kvart klara å finne ut av.

Då vi kom til foten av fjellet møtte vi neste mysterium: kvar var vegen opp??? Her var det berre ei jæævlig diger steinrøys, omkransa av bratte sva. Vi fann ingen merke som kunne gi oss nokon hint, men vi såg at det gikk eit drag frå aust mot vest oppover i høgrekant av ura, så vi prøvde det.

Vi gjekk ned på høgresida mot vatnet, og fulgte dette draget oppover til vi byrja å nærme oss nokre overheng. Her møtte vi neste mysterium - vegen vidare var ikkje openbar. Om fjellet er tørt er det kanskje fleire stader ein kan gå, men no var det snøbyger og blaut nysnø.

Topp topp!
Topp topp!
Aktsemd var nødvendig fleire stader oppi her
Aktsemd var nødvendig fleire stader oppi her

Ut mot høgre under overhenga såg det nokolunde gangbart ut, og det såg ut som det stod ein merkestein der. Så vi gikk til den - verdt å vere litt obs opp til steinen. Det var ingen merkestein, men vidare såg det greit ut. Vi fulgte nokon hyller som runda overhenga på austsida, og her vart det mindre bratt. Herifrå var det greit å kome seg opp på austryggen og til topps, med enkelte klyveopptak.

Flott toppunkt - bratt ned på nordsida. Artig! Denne oppgangen kan fungere fint som oppgang sjølv når det ikkje er sommar og knusktørt, sjølv om stegjern og øks nok kan vere greit om det er skare eller isete.

Så same veg ned, men no fann vi trimstien frå Nibbevatnet tlbake til bilvegen.

Starttidspunkt 01.04.2021 11:22
(UTC+01:00 ST)
Sluttidspunkt 01.04.2021 15:07
(UTC+01:00 ST)
Totaltid 3t 44min
Bevegelsestid 3t 16min
Pausetid 0t 27min
Snittfart totalt 2,8km/t
Snittfart bevegelsestid 3,1km/t
Distanse 10,3km
Høydemeter 708m

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.