Nedstefeltet trad (19.03.2021)
Andre besøkte PBE'er | Nedstefeltet (100moh) | 19.03.2021 10:15 |
---|
Eg og Kjartan tok ein tur til Nedstefeltet i Austefjorden for å teste tradforholda.
Dette er eit lite og fint kileklatrefelt - eit 40m høgt sva med lekre riss. Enkelttaulengdersruter på ca 40 m (altså fint å klatre med to tau så ein kan rappellere frå toppankeret). Mest på 6-talet.
Det er lenge sidan eg har lufta racket, så eg var gira på å bli litt varm i trøya igjen. Eg starta opp noko som skulle byrje som 5+ og gå over i eit veldig fint 6- riss. Syntest dette var stramt for grada, og svetta litt på svacruxet. Men med litt tilrop kom eg opp, måtte til og med jamme litt. Kjartan spaserte opp. Det viste seg at dette var ruta 78 (5+) med avslutning i Grønerisset (6-).
Deretter hoppa vi på Ny von (6). Denne kjendest sikker og fin heile vegen. Positive tak, og ein kunne sikre over alt.
Fingerrisset på Skrå6 (6+) var så tiltrekkande at vi måtte prøve på den også, og det gikk veldig fint. Velsikra, og eit par tunge flytt så var resten greit.
Til sist prøvde Kjartan på Slip Sliding (7-), men han har nok buldra for mykje, for han fekk ikkje fingrane sine inn i det tynne risset på cruxet, og tok ein susar.
Alt i alt ein bra dag med fuglesang og tørr-ish stein. Deilig å få satt sikringar igjen - eg har jo nesten gløymt at det er gøy.
Dette er eit supert felt om ein er gira på å prøve seg på 6-talet.
Kommentarer