Kongsvollfossen venstre uttopping (02.01.2021)
Andre besøkte PBE'er | Kongsvollfossen (1270moh) | 02.01.2021 |
---|
I dag fekk vi endelig stabla oss avgårde på ein isklatretur, både meg, Andreas og Pål Christian. Turen gikk til Kongsvollfossen tradisjonen tru. Vi hadde venta folkevandring her i dag, og hadde tilogmed munnbind med om det skulle bli trengsel på cruxet. Men i dag vart det berre oss og ein finfin dag på isen.

Andreas starta med ein litt sprø førstelengde, og vi merka at det har vore tørt og lite nydanna is. Etter ei transportlengde tok Pål Christian oss opp turens finaste smøreis og opp på hylla under sistelengda.
Her openbara turens store spenning seg. Den vanlige høgreavslutninga var fint forma, men det var også den litt meir eksklusive, og hakket kvassare, venstreavslutninga. Denne er ikkje alltid i god form, men no hadde den forma seg til ein flott og bratt pillar. Eg følte eigentlig at eg burde klatre denne. Men var eg "up to the task" som det heiter på nynorsk?
Då svinga det ei flott kongeørn på oppdrifta over toppen av fossen. Eit tydeligare teikn kunne eg ikkje få, og eg gikk laus på oppgåva. Det tok litt tid å kome skikkelig i rytmen, og eg valde ei litt usmart linjeføring i starten - unødvendig bratt og med hard is. Men så kom eg til hula bak pillaren og fikk kvilt meg litt. Litt tynt rack, men det burde vere nok. Og her var det bedre is. Så då var det berre å gi seg hen til oppdrifta, og det var nyyyydelig klatring. Godt nøgd med dette etter nokon sesongar med dårlig psyke og lite aktivititet.
Pål Christian og Andreas var også svært nøgde (og kalde - det tok litt tid dette) på toppen, og så vart det rumpesklliing (eller glissande som franskane seier det så fint) ned til bilen, og der var vi på eit blunk.
Etter ein tur på VPG for det aller mest nødvendige vart det god stemning i bilen heile vegen tilbake til bartebyen.
<gallery>
Kommentarer
Takk for turen!
Skrevet av AndreasNordstrand 02.01.2021 22:31Koselig tur og solid leda! For lenge siden sist. Godt å se deg cruise med øksene i bratta igjen �.