Gjerdhøa (10.04.2020)


Turtype Randonnée/Telemark
Turlengde 2t 45min
Distanse 12,0km
Høydemeter 992m
GPS
Bestigninger Gjerdhøa (1560moh) 10.04.2020 13:32
Andre besøkte PBE'er Nyhusan p-plass (605moh) 10.04.2020 13:32
Eg hadde tenkt meg opp på desse, men eg fører dei på finværslista.
Eg hadde tenkt meg opp på desse, men eg fører dei på finværslista.

Etter fire veker i nært samvær med eigen familie byrja det å bli naudsynt med ein tur aleine i skog og mark. Meldingane var ikkje dei beste i dag, men med litt finlesing av værmeldinga, og konferering med ein lokal ekspert, gikk eg for tur mot Roksdalskammen. Planen var, om alt klaffa, å gjenta Uglefisk si flotte rute over Gjerdehøa, Svorundfjellet og Roksdalskammen.

ein skal ikkje kimse av Gjerdhøa heller
ein skal ikkje kimse av Gjerdhøa heller

Det var snøbyger i bartebyen då eg kjøyrde mot Oppdal Så Klart. På podden var Storeulvsyndromet av Thomas Hylland Eriksen, der han forklarar kvifor livskvaliteten i vesten er ikkje har auka sidan 50-talet: vi har for mange ting - og det er også alt vi har. Sjølv tenker eg at eg eigentlig er ganske nøgd, og at desse koronatider har vist at eg hadde klart meg greit innesnødd på ein fjellgard ein vinter om eg berre kunne tatt meg ein tur avogtil.

Vel vel, nok om det. Det var ingen kø av bilar på Nyhusan parkering i dag, så ingen smittefare. Eg ville gå mot Gjerdehøa og Svorundfjellet først, og det som var av spor var snødd igjen. Men det var likevel grei driv oppover mot sætra, og vidare opp ryggen. Det var skiftande skydekke, som det heiter på metrolog-språket, men eg var faktisk velsigna med tilløp til sol heile vegen. Ikkje mykje å sjå av vinden som var meldt heller.

Då eg kom opp på flata såg eg at det tetna seg litt til, så eg vurderte litt alternativa og kom til at Gjerdhøa var tryggast som førstetopp. Skulle det bli dårlig sikt var det eit enkelt terreng å backtracke, så kunne eg ta dei andre som bonus. Dessutan var dette ein topp eg antakelig ikkje kom til å ta turen til igjen, så like greit å ta den no?

Greit opp til toppen, og då kom snøværet. Så det vart litt fram med GPSen for å finne vegen ned på flata, så fulgte eg spora nedatt. Til alt overmål fikk eg bra lys til å nyte den flotte laussnøkøyringa i bjørkeskogen.

Takk for turen, Kristian!

Starttidspunkt 10.04.2020 10:39
(UTC+01:00 ST)
Sluttidspunkt 10.04.2020 13:21
(UTC+01:00 ST)
Totaltid 2t 42min
Bevegelsestid 2t 27min
Pausetid 0t 14min
Snittfart totalt 4,4km/t
Snittfart bevegelsestid 4,9km/t
Distanse 12,0km
Høydemeter 991m

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.