Surnadalsk dobbel del1: Honnstadknyken (05.07.2018)


Turtype Spasertur
Turlengde 1t 52min
Distanse 11,3km
Høydemeter 828m
GPS
Bestigninger Honnstadknyken (1071moh) 05.07.2018 10:00
Svarrafjellet (780moh) 05.07.2018 10:00
Andre besøkte PBE'er Øvre Skeisnebba p-plass (400moh) 05.07.2018 10:00

Finværsdag og akademisk fridom = fjelltur! Kva kremtoppar er innan rekkevidde mellom levering og henting i barnehagen? Honnstadknyken kunne passe. Trollheimen sin stolte hjørnestein i nordvest. Fin topp, ikkje så omfattande, pirrande PF og 2 timar køyring. Einaste trekket er at det berre ville gi ei raud nål på denne dagen. Dette er jo så viktig som ein gjer det sjølv, men etter å ha sett resultatet av finværsperioden i det siste på peaker´n var eg svolten.

Leverte i barnisen, og la i veg gjennom Trøndelags vått-kledde landskap og over til Surnadalen. I gang klokka 10. Fin sti og fint utsyn over kjende og flotte trollheim-fjell! Men det var varmt, gitt! På toppen etter 1t10min. Kjendest bra. Såg litt på klokka, og over på Strengen. Hm. Kanskje?

La i veg ned bakkane, fin løpesti! Tilbake til bilen kvart på 12. Tok lunchen i bilen medan eg køyrde mot Kvanne og starten på stien til Strengen. Oh yeah!

Surnadal
Surnadal
Søydalen med Blånebba til venstre og Trollhøtta-traversen til høgre.
Søydalen med Blånebba til venstre og Trollhøtta-traversen til høgre.
Starttidspunkt 05.07.2018 09:51
(UTC+01:00 ST)
Sluttidspunkt 05.07.2018 11:44
(UTC+01:00 ST)
Totaltid 1t 52min
Bevegelsestid 1t 45min
Pausetid 0t 7min
Snittfart totalt 6,0km/t
Snittfart bevegelsestid 6,4km/t
Distanse 11,3km
Høydemeter 828m

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.