Folketomt silkeføre på Vassfjellet (04.03.2017)


Startsted Skjøla (200moh)
Turtype Fjellskitur
Turlengde 3t 30min
Distanse 20,0km
Høydemeter 700m
Kart
Bestigninger Langdalsberget (675moh) 04.03.2017
Reinslættdalsåsen (495moh) 04.03.2017
Vassfjellet (711moh) 04.03.2017
Andre besøkte PBE'er Skjøla P-plass (200moh) 04.03.2017
Vassfjellet fra Skjøla over Reinslettåsen (400moh) 04.03.2017

Vassfjellet er det høgastliggande bynære fjellområdet i Trondhjæm's umiddelbare nærleik.

I dag rusla eg på fjellskia over pudder og italiensk marengs Mary Berry verdig. Likevel var det omtrent folketomt.

Milde måne kor vakkert dette var! Dette må vere noko av det finaste ein kan gå på fjellski kring byen.

Bortsett frå alpinistane på skitrekket traff eg berre ein person oppe på fjellet, og det var ei dame frå Sunnmøre.

Trønderen er kanskje så interessert i skigåing at dei sit inne og ser på at andre går på ski?

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.