Snillfjord: Gråurda (29.01.2017)
Bestigninger | Damvasshaugen (744moh) | 29.01.2017 17:24 |
---|---|---|
Gråurda (791moh) | 29.01.2017 17:24 | |
Andre besøkte PBE'er | Vuttudalen parkeringslomme (178moh) | 29.01.2017 17:24 |
Det er berre og selge isklatreutstyret med det same. Det blir ikkje is lenger i norge. Det grøne skiftet - kvitt til grønt, er i full gang. Kulturministeren lanserar kunstsnø som det neste store miljøtiltaket.
Kva skal ein gjere på slike januardagar der kvikksølvet dansar langt over frysepunktet? Man kan jo ta seg ein kystnær fjelltur så klart. Gråurda har eg jo tenkt på ei stund. Det er så fint og springe ute på dei slette kystfjella. For sikkerheits skuld tok eg med fjellskia, og sannelig såg det ikkje ut som det låg ein del snø i høgda.
Eg tok skia i handa det første stykket, og spente dei på når eg kom litt oppi dalen. Her var det svært flekkvis og knallhardt føre. Fellane, som var kjøpt på Straumane Sport i 1996, og sist brukt lenge før Bush Jr. rykka inn i kontora, funka heldigvis framleis, og det gikk radig opp til Gråurda. Her tok eg ei pause med litt skjever, før eg skreiv meg i boka. Dette enda nesten med at varden ramla ned, så denne treng ei oppgradering. Siste besøk her var i haust, så det blir vel ei stund til med begredelig vardestatus på Gråurda.
Dagen var enda ung, så eg rann bortover på vestsida av Damtjønna, og opp på Damvasshaugen. Her var det både meir traffikk og flottare varde. Trøndarane er som kjent ikkje så sterke på dette med høgste punkt.
Eit fint område som sikkert er nydelig mål for telttur på milde sommarkveldar.
Så var det lårtrening på stålføret nedatt, og lyngtrasking tilbake til bilen.
Starttidspunkt | 29.01.2017 12:40 (UTC+01:00) |
Sluttidspunkt | 29.01.2017 15:29 (UTC+01:00) |
Totaltid | 2t 48min |
Bevegelsestid | 2t 23min |
Pausetid | 0t 25min |
Snittfart totalt | 4,3km/t |
Snittfart bevegelsestid | 5,1km/t |
Distanse | 12,1km |
Høydemeter | 659m |
Kommentarer
Varde og bok
Skrevet av SturlaS 29.01.2017 20:45Såvidt jeg husker var det solid varde og muligens toppbok ca. 100 meter nord/nord-øst for høyeste punkt på Gråurda. ;-)
Sv: Varde og bok
Skrevet av kobbenes 29.01.2017 20:53jasså javel ja? toppforvirringa er altså total? Det var fin kasse og bok der eg var, men det hjelp ikkje at kassa er fin om stativet er falleferdig :-)
Eg ser du var på tur i området sjølv i dag. Noget utfordrande skiføre. Ser eg skulle vore i drivdalen i staden, men hadde berre barnevakt halve dagen. Er saker og ting derimot på veg inn på støren er jo det gode nyhende. I ytre strøk var det berre sorgen på isfronten.
Sv: Sv: Varde og bok
Skrevet av SturlaS 29.01.2017 21:00Hm.. blir usikker nå. Mener PB sitt topp-punkt ikke var markert i det hele tatt da jeg var der. Nuvel.
Ja skiføret i dag var for spesielt interesserte. Lokalbefolkninga så ut til å foretrekke fottur. :-)
Sv: Varde og bok
Skrevet av TERJES 29.01.2017 23:44Det er nok mange som har vært på feil toppunkt her. Det er varden ved trigpunktet som har markering med skilt Gråurda. Jeg var heller ikke på peakbookpunktet 200 meter lenger sør, da jeg kom opp Fjellbekken og gikk rett opp til varden. Hit må jeg nok ta en ny tur. Ps. Jeg var der før jeg anskaffet GPS, og den gangen var det wwv.no som var ledende