Kristian og Erlend gjer seg erfaringar i fjellet:Tårnfjellet (29.11.2014)


Startsted NTK-hytta
Sluttsted Dalen P-plass
Turtype Alpintur
Turlengde 12t 00min
Distanse 20,0km
Høydemeter 800m
Kart
Bestigninger Tårnfjellet (1523moh) 29.11.2014
Tårnfjellet S1 (1500moh) 29.11.2014

Alpinskulen dreg på vinterkurs til Kiæmpers Fædreland - Noræg.

Plassert i flatlandet i Boston har eg nytta tida til å ruse meg på alpinbøker og tenke på fjellet. Forventningane og koffertane var difor tunge når vi skulle på noregsferie desse to siste vekene i November. No gikk noregsoppholdet mot slutten. Været hadde vore fint og eg hadde fått lufta meg mykje, men det mangla liksom prikken over den alpine i'en.

Min norske turmakker erlando (Erlend Hassel) hadde vorte storklatrar sidan sist, med bestigningar av vestlandske klassikarar som Romsdalshorn, Juratind og Søraust-Hjørnet på Skarfjell. Vi heiv oss entusiastisk inn i planlegginga, og forslag på forslag vart vege og funne for lett. Vi landa på traversen Tårnfjell-Tåga. Klatringa her skulle vere grei samstundes som det er seriøst nok til å prøve våre alpine vintereigenskapar.

Erlend hadde drukke kaffi med framståande midtnorske Klub-medlemmar, og fiksa dermed overnatting i Norsk Tinde Klub si hytte i Giklingedalen. Her tok vi inn fredag kveld kl. 22, etter to timar gange frå parkeringa. Eg berre ana mørket frå kjempene over oss på kvar side - Innerdalstårnet og Skarfjell. Dette var første gong eg tok Innerdalen i nærare augesyn. Det er virkelig ein besynderlig plass - med så mange særmerkte fjell er det som ein norsk Monument Valley.

Æfter clubmæssige activiteter som blading i bestigningsboken og et parti chack, fann vi køyene. Fin denne clubhytten! Hytta ligg nydelig plassert midt mellom desse kjempane, og er eit glimrande utgangspunkt for turar i dalen då ein sparar verdifull tid på anmarsjen. Frå hytteboka ser det ut som den er lite brukt, bortsett frå nokre ivrige ildsjeler. Imponerande dugnadsaktivitet som er lagt ned i utstyring og vedlikehold her, ei stor takk til Kluben som lot oss låne hytta!
Noko vinkjellar fann vi ikkje, men det er kanskje ikkje på alle hyttene? Noko seier meg at cluben trænger nye mædlemmer. Kanskje maa de see utenfor de ædle slægter i øvre borgerlag, helt til de drænge der adkommer av ringe bønder och fiskere?

Morgonen etter var vi ut døra kl. 7. Det var heilt vindstille, nokre få minusgrader og eit tynt og delvis snødekke av hard snø. Perfekte forhold. Klyvinga opp til skaret mellom Innerdalstårnet og Tårnfjellet var bratt, og då vi mista stien undervegs vart det nokon litt stive klyvepassasjer. Kl. 9 stod vi i skaret mellom Innerdalstårnet og Tårnfjellet. Utsikta byrja å bli latterlig vakker.

Morgenstund i Innerdalen. Trolla til venstre, Erlend i midten, Skarfjell til høgre
Morgenstund i Innerdalen. Trolla til venstre, Erlend i midten, Skarfjell til høgre

Vi gikk løpande opp langs egga opp til Tårnfjell. Dette var virkelig artig klyving og klatring, stort sett opptak på 2-talet. Med unntak av eit tyngre opptak som Erlend leda djervt (her finnast det kanskje enklare vegar), gikk vi alt løpande. Etter kvart gikk vegetasjonen over til frosen mose som tok øksene perfekt. Det var berre fryd og gammen. Stegjerna vart værande i sekken heile turen då det var lite is og tørt fjell. Eg runda eit hjørne, og med Innerdalen langt der nede under meg såg eg at vi no hadde kome opp til topp-platået på Tårnfjell. Eg laga ein kjapp alpin standplass, og kosa meg glugg ihjel medan eg sikra opp Erlend.

Utsynet som møtte oss på toppen av Tårnfjellet var trolsk - eit dust novemberlys la seg over sunndalsfjella og trollheimen. Ikkje eit vindkast. Dette var gode greier. Vi tenkte på Arne Randers Heen, og vi tenkte på oss sjølve, gjerne i samme åndedrag.

På siste standplass. Det er fint altså!
På siste standplass. Det er fint altså!
Meir finheit! Innerdalstårnet i bakgrunnen, og utsikt mot nordvest ut Innerdalen
Meir finheit! Innerdalstårnet i bakgrunnen, og utsikt mot nordvest ut Innerdalen

Klokka tenkte derimot annleis, og den var allereide halv tolv! Vi byrja på egga mot Såtbakkollen, og denne var noko kupert i byrjinga, med meir eller mindre faste steinar dekt i sukkersnø. Etter å ha passert nokon eksponerte nedtak kom vi over på ein topp på egga (eg har kalla denne Tårnfjell S1, men kanskje heng den meir saman med Tåga. Høgd og primærfaktor rekna eg ca fr frå kartet). Her var klokka 12:30, og vi innsåg at Arne nok hadde allereide vore på toppen og på god veg nedatt ved denne tid. Vi måtte baile.

Erlend utstrålar livskvalitet
Erlend utstrålar livskvalitet

I innerdalsføraren stod det beskrive at ein kunne ta seg ned til Giklingedalen langs flankane på vestsida av Tåga. Men ein måtte gå ganske langt sør, heilt til ein markert botn i nordvestsida av det som på Peakbook-kartet vert kalla Såtbakkollen. Her kjem ein inn på normalvegen til Tåga. Dette er også der vi hadde kome ned om vi hadde nådd toppen, men vi byrja å ane at det kom til å ta tid å kome seg ned.

Erlend på Tårnfjellplatået, med Tåga/Såtbakkollen i bakgrunnen
Erlend på Tårnfjellplatået, med Tåga/Såtbakkollen i bakgrunnen

Flanken på Tåga står i ettertid att som den mest seriøse alpine erfaringa på denne turen. Dette var traversering i bratt og laus ur delvis dekt av sukkersnø, og delt opp av eroderte renner. Utglidning hadde nok ikkje vore fatal, men kunne vore alvorlig nok. Heldigvis hadde det samla seg snø i rennene, så isen i dei baud ikkje på problem. Etter drøye halvannan kilometer i dette nervepirrande terrenget kom vi over på lettare terreng. Ned botnen gikk det fint, og vi stod i Giklingedalen litt før kl 16, omtrent i det mørket kom sigande.

Vi skulle få middag når vi kom heim, så då var det berre å legge i veg den knappe halvanna mila tilbake til bilen. Trask trask trask, merkelig kor lang denne Giklingedalen er. Vi passerte våre eigne spor frå samme dag under innsteget. Dei såg så optismistiske ut - nesten naive. Ein jerv hadde gått etter dei - kanskje på jakt etter mat? Jerven et jo mykje åtsel.

Men over frosne myrar gikk det kjapt, og vi var ved bilen kl. 19. Gjennom Sunndalen gikk det i potetgull, smågodt, mandarinar, bollar, sjokomelk etc etc etc.

I ettertid synest denne turen eigentlig å gi det vi var interesserte i på vårt nivå. Klatringa var passe krevande, og med mange ulike moment. Problemet vart at ein skal dekke mange lengde- og høgdemeter. Her var vi ikkje effektive nok. Her er det vel eigentlig berre erfaring med rask og sikker forflytning i bratt lende, samt klyveeigenskapar, kondis og taurutiner - ein må bli litt bedre på alt. Sekkane var også noko tunge, så litt tankeverksemd omkring kva ein treng av sikringsmidlar på slike turar er nok også nyttig.

Tilbake i Trondheim fikk vi servert hjartevarme, kald pils og nydelig mat. Kan man bede om mer? Nej!

Kommentarer

  • -
    avatar

    Innerdalen

    Skrevet av SturlaS 30.11.2014 21:27

    Da er kontoen i Innerdalen åpnet! Stilig turvalg, som kanskje er litt optimistisk når nettene er lange. Jeg ser flere som erfarer at traversene i området blir drøyere enn antatt.

    Ellers er jeg imponert over at dere klarte å ikke "stikke oppom" tårnet når dere likevel var helt oppi skaret. Hard prioritering. :-)

    • -
      avatar

      Sv: Innerdalen

      Skrevet av kobbenes 30.11.2014 21:37

      Litt optimistisk ja. Det er lange avstandar oppi der. Men man lærer så lenge man lever :-)

      Hehe, eg var jo inne på tanken om å gå traversen frå sør til nord, så kunne ein ta med tårnet som "bonustopp". Det var vel ikkje så veldig realistisk, for å seie det slik ;-)

  • -
    avatar

    Tittel mangler

    Skrevet av AndreasNordstrand 30.11.2014 20:49

    Kul tur :-) Bra jobba Erlend og Kris!

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.