Arkiv - dato
"Peakbookvenner"
Lister jeg samler etter
Raftevikja - Vassnykjen - Brunsvikveten
- Dato:
- 16.07.2024
- Distanse:
- 15,6km
Gjekk opp frå Raftevikja, opp gjennom Krokedalen og klatra gjennom furuskogen nordover til eg kom opp på Kaldalsegga. Fylgde så denne vidare vestover til eg kom opp på Vassnykjen. Gjekk så sørover mot fjorden over fleire små skar til eg kom fram til Veten. Sette så fart ned og austetter ryggane, ned i skogen att til eg kom ned til elva som eg fylgde ei stund oppetter. Gjekk langs denne til eg kom til Rafteviksmyrane og Rafteviksvatnet. Gjekk litt for fort nedetter, eg skulle ikkje ha følgt elva så langt. Måtte gå litt attende og klatre over ein rygg mot sør før eg kom meg ned til bilvegen igjen. Mykje blåbær. Såg 7 hjortar, koller med kalvar ikkje lenge før eg kom opp på Vassnykjen. I tillegg fekk eg gleda av småfugl selskap her oppe. Det kvitra og summa rundt meg på alle >>>
Overnattingstur: Storskarvatnet - Røyrlivatnet - Sunnivahorn
- Dato:
- 24.05.2024
- Distanse:
- 13,9km
Gjekk opp frå Almenningen kl 01.30, gjennom Austadalen og opp til Sætravatnet ved Eldevikssætra tok så av mot sør til Blånkevatnet. Gjekk austover og oppover mot Storskarvatnet. Utrulig kor lyst det er no i mot slutten av mai, hadde med meg ei lykt men den vart aldri brukt sjølv ikkje i skogen innerst i Austadalen. Sov eit par timar frå kl.03.00. Heiv i meg frokost og fortsette turen aust og opp forbi Storskarvatnet til Røyrlivatnet der eg tok meg tid til nokre timars morgonfiske. Så gjekk turen vidare til Sunnivahornet og ned att "hovudvegen" gjennom Skogadalen og ned til Riksvegen.